Hopp til innhold

Hus totalskadd i brann

11 personar kom uskadd frå det då det braut ut brann i eit hus i Langgata på Storhaug i Stavanger søndag morgon.

Brann i Langgata i Stavanger

Også nabohuset vart evakuert. I følge folkeregisteret skulle det bu sju personar i huset, men det viste seg at det var 11 personar i huset då brannen braut ut.

To av dei vart sende til legevakt for sjekk. Huset vart totalskadd. Det er ennå uklart kva som var årsaka til brannen.