Lufthamnsjef Leif Anker Lorentzen i Avinor tar forslaget om hurtigkø imot med opne armar.
Foto: Ole Andreas Bø / NRKAlle bilane som står parkerte utanfor Stavanger lufthamn Sola er eit synleg bevis på at det er bilen som er den klare favoritten når rogalendingane skal ut å fly.
Flyplassen er den i landet der det blir nytta minst kollektivtransport. Berre 14 prosent av dei reisande nyttar seg av flybussen når dei skal til og frå flyplassen.
- Les òg:
- Les òg:
Eiga fil i køen
Det er dette stortingsrepresentant Geir Pollestad i Senterpartiet ønskjer å gjera noko med, når han føreslår eit løningssystem dor dei som bussar ut til flyplassen:
– Me ser føre oss ei eiga fil i køen får tryggingskontrollen. I denne fila er det dei som reiser kollektivt som skal ha første rett, seier Pollestad til NRK.
Politikaren meiner det er viktig å lokka med gulrøter for dei som reiser miljøvenleg og forslaget blir tatt godt imot av Avinor:
– Me vil sjå nærmare på eit slikt forslag. Det verkar som om det er eit godt forslag til ein flyplass der me slit med kollektivtrafikken, seier lufthamnsjef Leif Anker Lorentzen.
– Topp med hurtigkø
Dei har sett som målsetjing å få prosentandelen av kollektivreisande opp i om lag 20 prosent.
Reisande NRK snakka med på flyplassen fredag ettermiddag var positive til forslaget:
– Me som reiser ein del med fly liker dårleg å stå i kø, derfor hadde det vore heilt topp med ein hurtigkø, seier Heino Maurer.
Denne køen kan kanskje bussreisande i framtida gli rett forbi.
Foto: Ole Andreas Bø / NRK