Hopp til innhold

– Fleire parkeringsplassar mest miljøvennleg

Kollektivtilbodet på Nord-Jæren er for dårleg til at ein kan la vera å bygga fleire parkeringsplassar på Stavanger lufthavn Sola, meiner Frp.

Ketil solvik-Olsen

Ketil Solvik-Olsen (Frp) meiner det er best for miljøet at det blir fleire parkeringsplassar på Sola.

Foto: Allan Klo

Sandfærhus Parkering har i fleire år jobba for å oppheva parkerings-monopolet på Sola, og få etablert eit alternativt parkeringstilbod.

Men selskapet har heile tida blir møtt med at fleire parkeringsplassar fører til at bilbruken aukar. Dette til og frå ein flyplass der bilbruken frå før er stor.

– Betre for publikum

Men ifølge stortingsrepresentant Ketil Solvik-Olsen (Frp) finst det ingen veg utanom fleire parkeringsplassar.

– Dersom det blir konkurranse på parkeringsplassane, går prisane ned. Det vil føra til eit betre tilbod for publikum, meiner han.

Les også: - Konkurranse kan gi billigere parkering

Les også: Ingen konkurranse om parkeringen

(Artikkelen held fram under bilete)

Stavanger lufthavn, Sola

Sandfærhus Parkering fekk i fjor avslag på å bygga 900 nye parkeringsplassar ved flyplassen på Sola.

Foto: Ståle Frafjord / NRK

– Ikkje snakk om å ta toget

Solvik-Olsen avviser at fleire parkeringsplassar på flyplassen fører til at fleire set seg i bilen når dei skal ut og fly og at færre nyttar seg av kollektivtilboda.

– For mange er ikkje kollektivtrafikken eit alternativ i utgangspunktet. For meg som kjem frå Bryne er det ikkje snakk om å først ta tog til Stavanger og så buss til flyplassen. Bilen blir dermed det einaste reelle alternativet.

Miljøverndepartementet vurderer monopol-slutt

Frp-politikaren argumenterer derfor med at det miljømessig sett er betre å køyra sjølv til flyplassen - og parkera bilen på Sola - enn å bli køyrd med bil av andre både til og frå flyplassen.

Med dette meiner han miljørekneskapen vil tena på fleire parkeringsplassar.

Miljøverndepartementet skal nå vurdera om fleire parkeringsselskap skal få etablera seg ved Stavanger lufthavn Sola.