Clarion Hotell i Ny Olavskleiv, Scandic Hotell på Tjensvoll og Quality Airport Hotell på Sola er alle tatt ut i streik, men held ope fordi mange av dei tilsette ikkje er organiserte og derfor ikkje streiker.
Regionssekretær Eva Monica Haarr i det streikande Hotell- og restaurantarbeidarforbundet er skuffa over dei tre hotella som held ope ved å bruka uorganisert arbeidskraft.
Ho seier forbundet vil følgje nøye med på kva som skjer ved dei tre hotella.