Hopp til innhold

Blei overraska av hønsehauk i gardsrommet

– Eg tenkte kva i alle dagar gjer ein rovfugl i gardsrommet mitt, seier Kjell Ove Tovsrud som fanga det sjeldne synet på video.

Video Hønsehauk på Eiganes

VIDEO: På Stavangers beste vestkant blei Kjell Ove Tovsrud overraska av ein hønsehauk i gardsrommet sitt. Han lista seg vekk for å henta kameraet, og fekk fanga det sjeldne besøket på video.

Ifølgje ornitolog på Stavanger Museum, Alf Tore Mjøs, er det ikkje vanleg at hønsehaukar reiser på byvandring.

– Det er nok vinterkulda som har gjort at hønsehauken har blitt freista til å få seg litt lett tilgjengeleg og urban mat, seier han til NRK.no.

Hauken fanga ei ringdue

Han meiner at videoen som blei tatt sundag viser ein halvvaksen hønsehauk. Byttedyret er ei ringdue. Ein langt vanlegare fugl på Stavanger sin beste vestkant.

– Ringduer spis bøkenøtter, som det finst mykje av på Eiganes, seier han.

Den gode videoen av det sjeldne besøket var det Kjell Ove Tovsrud som tok.

– Då eg såg fuglen i gardsrommet tenkte eg jøss. Eg lista meg for å finna kameraet og fekk tatt fleire foto i tillegg til video av fuglen, fortel hobbyfotografen.

Trur det kan vera unikt videomateriale

Totalt stod hønsehauken og knaska på ringdua han hadde tatt i om lag fem minutt før den reiste vidare.

– Det er veldig kjekt å ha fått dette på film, seier Tovsrud som trur at han kanskje er den einaste som sit på videomateriale av ein hønsehauk på Eiganes.

Flere nyheter fra Rogaland