Hopp til innhold

– Folk slengde seg unna vegen

Dette beistet av ein okse sleit seg onsdag føremiddag frå kjettingen sin. Med eigaren Rolf Helge Eike i hælane sprang den full fart på asfalterte gater i Stavanger.

Video Laus okse i Stavanger

NRK-fotograf Thomas Ystrøm fekk fanga oksen med videokamera då den sprang forbi NRK Rogaland sine lokale på Ullandhaug i Stavanger. Like etter dette spring oksen ut i tettbygde strok.

Rolf Helge Eike

NRK fekk veksla eit par ord med bonden Rolf Helge Eike medan han framleis jakta «limo-oksen» sin.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Like ved Universitetet i Stavanger på Ullandhaug var det fleire som fekk seg ein støkk onsdag ettermiddag.

For i halv ti tida sprang ein svær Limousin-okse gjennom gatene der folk gjekk og ante fred og ingen fare.

  • Var du ein av dei som måtte skygga banen for oksen? Ta kontakt med rogaland@nrk.no

– Dramatisk jakt

– Det var mange som blei skremde og slengde seg unna vegen, seier bonden Rolf Helge Eike.

I over ti minutt jaga han oksen sin på trygg avstand, slik at den til slutt fann vegen tilbake på garden der den høyrer heime.

– Det var ei nokså dramatisk jakt, men eg følte at eg hadde det under kontroll. Oksen er veldig snill, men eg forstår jo at den kan vera skremmande for vanlege folk, seier Eike.

Blei skremd

Sidan oksen var tilbake på garden etter relativt kort tid blei det ikkje aktuelt for Eike å varsla politiet.

– Korleis kom oksen seg ut?

Den var aleine i fjøset då eg kom inn med kraftfôr, då den såg bøtta føyk oksen opp og rykka så mykje at kjettingen blei sliten av, seier han.

Han trur det var på grunn av at oksen var aleine i fjøset som gjorde det elles så sindige beistet så skvettent.

Nå er oksen trygt tilbake i fjøset, og bonden er på veg inn til byen for å kjøpa ny kjetting.