Hopp til innhold

Hol på ballasttank etter grunnstøyting

Cruisebåten «Horizon» fekk ingen alvorlege skader då den trefte ein sandbank i Stavanger hamn måndag ettermiddag, nå skal det likevel vurderast om hamna skal gjerast djupare.

Horizon

EKSTRA DØGN I STAVANGER: Dei 1500 gjestane om bord i Horizon fekk eit ekstra døgn i Stavanger etter grunnstøytinga i går.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Det er dykkarar som jobbar med å fiksa på båten nå, og dette er eit arbeid som snart er ferdig, seier maritim sjef i Stavangerregionen Havnedrift, Anders Bang Andersen.

Det var i 16-tida i går at cruiseskipet «Horizon» med 1500 passasjerar gjekk på grunn utanfor Skansenkaien i Stavanger.

Båten fekk tauehjelp, men kunne ikkje fortsetja ferda si til Geiranger, det blei heller eit ekstra døgn i Stavanger. Skipet skal ha fått eit lite hol i ein ballasttank som følgje av grunnstøytinga på ein sandbank.

Bang Andersen seier at dei aldri har opplevd noko liknande i Stavanger hamn.

– Me har aldri hatt grunnkontakt før. Me vil vurdera om denne sandbanken er noko me bør gjera noko med. Sentrale styresmakter jobbar også med eit prosjekt som går på å reinska opp i ein del av dei vanlegaste ledene, då er det også ein del stader i utkanten av Stavanger hamn der ein med fordel kan gjera det litt djupare, seier han og understrekar at det er planar som framleis ligg langt framme i tid.

Flere nyheter fra Rogaland