Historia vår

Her er nokre viktige hendingar i NRK Rogaland si historie.

Avisoppslag om nye morgonsendingar frå NRK Rogaland

Laurdag 9. januar 1993 skreiv Aftenbladet om dei nye morgonsendingane frå NRK Rogaland. Frå venstre: Elisabeth Hovland, Ragnhild Sævik, Stig Ryland, Ingvald Nordmark og Sigvart Østrem.

Foto: NRK

1930
Kringkastingsselskapet (privat selskap med sete i Oslo) starta lokale sendingar i Rogaland.

1933
Norsk Rikskringkasting (NRK) blei skipa det året. Kringkastingsselskapet gjekk inn i NRK.

1934
Den første medarbeidaren ved NRK Rogaland blei tilsett.
NRK Rogaland heldt til i Solagata i Stavanger.

1955
Ivar Holm tok over som leiar for NRK etter Arne Espeland, også kjend som forfattar.

1962
Kontoret blei flytta til Klubbgata i sentrum av Stavanger.

1973
NRK Rogaland fekk utstyr til produksjon av fjernsyn.
Ottar Odland overtok som distriktssjef.

1977
NRK Rogaland fekk underkontor med ein fast medarbeidar i Haugesund. Namnet underkontor blei seinare endra til lokalkontor.

1986
Fjernsynsproduksjonen blei flytta til den gamle sendarbygningen på Ullandhaug.

1986-87
Prøvesendingar på fjernsyn.

1987
Maiken Ims blei distriktssjef.

I studio på Ullandhaug

Førebuingar i studio på Ullandhaug før fjernsynssendingane i 1988. Frå venstre Torunn Westvik Tørneng, Berit Fjogstad, Eivind Eriksen, Toril Våland, Arne Brommeland i stigen, John Skien, Rolf Marnburg og Maiken Ims.

Foto: NRK

1988
26. oktober dette året starta NRK Rogaland – som det einaste distriktskontoret i heile landet – faste fjernsynssendingar. Dei gjekk under namnet ”TV Rogaland” og varte til november 1995.

Først gjekk sendingane annakvar veke, seinare same år kvar veke. Onsdag var sendedag.

1990
Sigvart Østrem blei distriktssjef.
Tittelen blei seinare endra til distriktsredaktør.

1993
Sterk utviding av sendetida for distriktssendingane i radio i samband med at NRK lanserte tre radiokanalar.

Øystein Ellingsen møter publikum i Egersund

NRK utvida til tre kanalar på radio i 1993. Øystein Ellingsen var ute i Egersund for å informera.

Foto: NRK

1996
28. februar dette året fekk NRK Rogaland daglege fjernsynssendingar saman med NRK Sørlandet. Stavanger var sendestad, men programleiarane var vekselvis frå NRK Rogaland og frå NRK Sørlandet, ei veke om gongen.

1996
Lokalkontoret i Haugesund fekk folk og utstyr til å laga fjernsyn.

1997
14. april dette året fekk NRK Rogland eigne fjernsynssendingar for Rogaland åleine.
På dette tidspunktet var det berre to fylke som hadde sendingar for eitt fylke åleine: Rogaland og Møre og Romsdal.

1997
NRK Rogaland tok i bruk nybygg på Ullandhaug.

Nybygget blei knytta saman med den gamle steinbygningen som lenge gav rom for mellombølgjesendaren, Stavanger kringkastar, som var i drift frå 1939 til 1982.

1998
Offisiell opning av bygget på Ullandhaug.

1999
Ved valet dette året tok NRK Rogaland i bruk internett for fullt.

2000
Ståle Frafjord overtok som distriktsredaktør.

2005
NRK Rogaland 24 blei etablert. Denne fjernsynskanalen er tilgjengeleg på Lyse Breiband og på nrk.no/rogaland.

2006
Turid Borgen overtok som distriktsredaktør.

2008
Ragnar Christensen blei distriktssredaktør.