Sigvart Østrem

Sigvart Østrem
Foto: Tom Edvindsen / NRK

Sigvart Østrem er fødd i Etne i 1942 og har utdanning i sosiologi og statsvitskap. Han tok til i NRK i Oslo 1967. I 1972 gjekk Sigvart til NRK Rogaland, der han var leiar for kontoret i perioden 1990 - 2000. I perioden 1982 - 1989 var han olje- og energimedarbeidar i NRK.

Digitalt radioarkiv

Etter dette arbeidde Sigvart for Arkiv & Research i NRK. Han gjekk gjennom opptak, både ferdige program og råopptak, frå perioden som oljemedarbeidar på 80-talet, med tanke på at dette stoffet skal gå inn i Det digitale radioarkivet. Dette er eit samarbeid mellom NRK og Nasjonalbiblioteket.

Sigvart Østrem gjekk av med pensjon i juni 2009.