Hopp til innhold

Her sprenges det etter storraset

Riksveg 13 er framleis stengt etter det store raset ved Suldalsvatnet natt til tysdag. I dag har Vegvesenet sprengt vekk meir av fjellsida der raset gjekk.

Riksveg 13 er framleis stengt etter det store raset ved Suldalsvatnet natt til tysdag. I dag har Vegvesenet sprengt vekk meir av fjellsida der raset gjekk.

►SJÅ VIDEO: Geologar har undersøkt rasstaden, og konkludert med at meir fjell må sprengjast ut før det er trygt

I dag tidleg blei fjellsida ved Suldalsvatnet, der raset gjekk natt til tysdag, sjekka. Konklusjonen blei at det framleis finst farleg fjell, som kan rasa ned på riksveg 13.

Må ta ned resten

Derfor blei det ikkje opning av vegen likevel, men sprenging og meir stein å rydda.

– Me såg ei blokk som heng att. Me må derfor ha ned den siste biten før me slepp bilar gjennom her, seier Adler Enoksen, som er geolog i Statens vegvesen.

Det var natt til tysdag det svære raset med steinblokker på fleire hundre tonn raste ned i asfalten.

Fleire av steinane må borast i og deretter sprengjast, før dei kan bli fjerna. Det står dermed att mykje arbeid før stamvegen i Ryfylke kan opnast.

– Flaks at liv ikkje går tapt

Vegstenginga fører til mange innstilte bussruter, og lange omkøyringsvegar. Den sommarvikarierande ordføraren i Suldal, Kari Vaage Gjuvsland (Ap), er likevel mest oppteken av tryggleiken til folk.

– Det er berre flaks som gjer at ikkje liv går tapt, det må gjerast noko med dette vegstrekket, slår den sommarvikarierande ordføraren i Suldal, Kari Vaage Gjuvsland (Ap).

Ho er glad for det farlege fjellet som nå blir sprengt vekk.

ras på Rv13

Dette bilete av raset blei tatt av Vegvesenet tysdag føremiddag.

Foto: Per Einar Klungtveit / Vegvesenet