Hopp til innhold

Her sniglar 450 tonn seg oppover Suldalssvingane

224 tonn transformator, tre trekkvogner, 96 hjul og 72 meter. I dag var det brei, lang og tung last langs riksveg 13.

Transformator fraktes til Suldal

BRED LAST: Det var ikkje lett å kome seg forbi den 72 meter lange spesialtransporten.

– Vi har plukka ned skilt rundt omkring, og plukka ned vifter i tunnelar for å få nok høgdeklaring, seier Rune Flakk i Statnett transport.

Rune Flakk

HAR PLUKKA NED SKILT: Rune Flakk er ansvarleg for at alt går etter planen med giganttransporten.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Flakk er ansvarleg for den 72 meter lange ekvipasjen. Han har gjort dette før, og har ikkje nervar for turen frå Hylen og opp til Saurdal transformatorstasjon. Etter planen skulle turen ta tre timar.

Med transformatoren – og tre trekkvogner – veg farkosten 450 tonn til saman, og er litt av eit syn der den sniglar seg oppover svingane. Så mykje at den trakk tilskodarar.

– Kjekt med action

– Det samla seg så mykje blålys her ute ved brua, så eg måtte ta med ungane og sjå kva som skjedde, seier Ranveig Hjorteland der ho står med ungane og ser utover det 72 meter lange droget som sperrar riksveg 13.

– Det er jo kjekt med litt action her på ein finvêrsdag. Vi visste ikkje om det, så vi måtte berre ut for å sjå, seier ho.

Transformator fraktast til Suldal

PUST I BAKKEN: Det går seint når 450 tonn sniglar seg oppover mot Kjetilstad.

Foto: Magnus Stokka / NRK

96 hjul og 72 meter

Transformatoren veg heile 224 tonn, og skal brukast på Saurdal transformatorstasjon. Transformatoren skal gjera om høgspenning til lågare spenning som kan sendast ut til forbrukarane.

Lengda på heile transporten er 72 meter.

Fraktar transformator til Suldal

LITA KLARING: Riksveg 13 var stengd i perioden transporten gjekk føre seg.

Foto: Magnus Stokka / NRK
Rune Flakk

HAR PLUKKA NED SKILT: Rune Flakk er ansvarleg for at alt går etter planen med giganttransporten.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Tidlegare har Statnett frakta fleire transformatorar langs det norske vegnettet. På Sørlandet i april vart det frakta ein tilsvarande transformator til Kvinesdal. Det gjekk bra den gongen òg.

– Vi måtte og forsterka Helganes bru her, så den heldt nok denne gongen og. Vegnettet her er jo oppgradert og har klart liknande transport tidlegare, så det skal nok gå greitt, seier Flakk i Statnett transport.

Krøll med girkassa

Rett før klokka 14 vart det meld om litt trøbbel for den enorme transporten ved Kjetilstad. Dei var ikkje langt unna målet før den midterste trekkvogna fekk problem med girkassa.

– Dette skal vi ordne, seier Flakk.

– Men det kan nok ta nokre timar.

Ved 17.30 tida seier Flakk at dei kom fram om lag ein time tidlegare. Den midterste trekkvogna kunne ikkje fortsetje turen, men Statnett fekk hjelp av ein dumper frå ein entreprenør i området. Transporten enda med å ta halvannan time meir enn planlagd. Til samen brukte dei om lag fem timar på to mil.