Hopp til innhold

Her er sommarens heitaste tivoli-tips

Me har fått Kongeparken-sjef Håkon Lund sine heitaste tips til familiar som vil ha berg-og dalbane, parisarhjul og sukkerspinn i sommarferien.

Europa Park

Tyskland, Sverige, Danmark eller Finland er gode land å reisa til om du vil ha tivoli-ferie.

Foto: Jeremy Thompson / Flick

Det viktigaste er at familien gjer grundig research før dei reiser på tivoli-feire, det er det første dagleg leiar i Kongeparken, Håkon Lund, slår fast når me ber han om å koma med tips.

– Sjekk kva aldersgruppe parken er forma ut for. Det kan vera stor skilnad på kva ein niåring og ein tenåring får glede av, seier Lund.

– Og styr unna fellesferien! Og laurdag og søndagar. Ver der når det opnar, gå til venstre og et lunsj før 12, legg han til.

Sjølv har han prøvd det meste som er å oppdriva av tivoliparkar i Europa, men nokre har sett djupare spor enn andre. Her er dei heitaste tipsa til dei som ikkje vil stå i kø i Disney-land:

1. Power Park, Finland

Powerland

Power Park i Finland har ifølgje Håkon Lund dei villaste berg-og-dal-banane.

Foto: Alexander Granholm / Flickr

Power park er ein svær tivolipark i Alahärmä i Södra Österbotten i Finland.

– Det er den villaste parken i Finland. Den har nokon av dei heftigaste og dyraste berg- og dalbanane i verda, og ligg midt i den finske skogen. Det bur ikkje ein sjel i nærleiken og du er garantert å ikkje stå i kø, seier Håkon Lund.

2. BonBon-Land, Danmark

BonBon-Land

Håkon Lund anbefaler BonBon-Land i Danmark.

Foto: BonBon-Land

Parken BonBon-Land ligg rett utanfor København, ved Holme-Olstrup i Sydsjælland.

– Den er veldig fin, litt annleis og ei super familieoppleving for dei yngste, seier Lund.

3. Europa Park, Tyskland

Europa Park

Europa Park er eit godt alternativ til Disneyland i Paris, meiner Lund.

Foto: Europa Park

I Europa Park finn du mellom anna ein svær kopi av Colusseum. Den ligg i Rust, mellom Freiburg og Strasbourg.

– Det er ein av dei største og beste parkane i Europa i dag. Dersom du ikkje vil til Disneyland er det alternativet. Den har nokon av dei villaste berg- og dalbanene, seier Lund.

4. Astrid Lindgrens Verden, Sverige

Astrid Lindrens Värld

Astrid Lindrens Värld, eit av Sveriges høgdepunkt, meiner Lund.

Foto: Allie_Caulfield / Flickr

I eventyrparken Astrid Lindgrens Verden i Vidby i Sverige kan barna møte Pippi, Emil, Ronja Røverdatter og alle dei andre kjente figurane.

– For dei minste er utan tvil Astrid Lindgrens Verden best. I tillegg har Sverige mange bra dyreparkar som f. eks Kolmården og Skånes djurpark, seier Lund.

Flere nyheter fra Rogaland