Hopp til innhold

Her er nedgangen størst

Bustadprisane har gått ned i heile landet, men ingen stad dalar prisane meir enn i oljebyen Stavanger.

Boliger Stavanger

I Stavanger har den totale omsetnaden på bustadmarknaden gått ned heile 30 prosent sidan mai i fjor.

Foto: Ståle Frafjord / NRK

Bustadprisane i landet har falt med 0,3 prosent i mai. Sist gong det var fall i prisane i mai var i 2008, derfor var dette uventa. I Stavanger og Rogaland er nedgangen størst.

– Eg vil i alle fall tru at dei som jobbar med å selja bustader i denne regionen opplever situasjonen som krevjande. Dei merker oljebremsen betre her enn andre stader i landet, sa direktør i Eiendom Norge, Christian Vammervold Dreyer, då han la fram tala i dag.

Eit skilje

I Stavanger har den totale omsetnaden på bustadmarknaden gått ned heile 30 prosent sidan mai i fjor. Prisnedgangen i Sandnes og Stavanger er størst i landet med 1,1 og 1,2 prosent.

– Tidlegare har me snakka om Rogaland som ein region som har klart seg overraskande bra, men nå tyder mykje på at me har kome til eit skilje. Dette vil truleg prega Stavanger-regionen framover.

Alle regionar har framleis sin positiv 12 månadars vekst, der Tromsø og Oslo har den sterkaste veksten på 12,7 og 11,1 prosent. Svakast 12 månadars vekst av byane hadde Sandnes og Stavanger med 1,0 og 0,6 prosent.

– Dei regionale skilnadane viser at ein skal vera varsam med å sjå på den norske bustadmarknaden som ein marknad. Samstundes som det er behov for mange fleire bustader i Oslo, medan prisane blir pressa ned i Rogaland mellom anna på grunn av at det er mange bustader som ligg ute i marknaden for sal, seier Dreyer.

Flere nyheter fra Rogaland