Hopp til innhold

Her er lyren sin eigen song

Dei meiner lyren har fått alt for lite merksemd, og kallar den ein gløymd fisk. Nå hyllar Øystein og Øystein den grå sleipe fisken i ein eigen lyr-song.

Torsken har ein eigen song, steikt makrell er for mange det sommaren handlar om og kven kjenner ikkje til den stolte norske laksen. Men fisken du nesten alltid får på kroken når du fiskar, er det få som bryr seg om.

SJÅ VIDEO: Øystein Ellingsen frå Stavanger og Øystein Ellingsen frå Egersund har laga ein eigen song for å hylla Lyren.

I ei halv veke har NRK Rogaland hatt fullt fokus på lyr. Årsaka er at fisken normalt sett må leva i skuggen til alle dei andre fiskane, som er langt meir likt.

I fleire radioreportasjar har ein fått høyra om korleis fisken ein nesten alltid får på kroken når ein fiskar, har blitt gløymt av forskarar, kunstnarar og kokkar.

– Lyren er grå, trist og den har ingen særpreg. Men likevel har jo folk ete lyr i mange år, og for mange betyr jo lyren faktisk ganske mykje. Derfor tenkte eg; Lenge leve lyren, seier Øystein Ellingsen frå Stavanger.

Dette blei også tittelen på ein song han nå har laga saman med Øystein Ellingsen frå Egersund.

Her hyller dei fisken som har få dikt og songar om seg. Dei håper at dei med dette har klart å endra folk sitt syn på fisken.

– Eg håper at dette blir ein sommarslager, og at heile Norge kjem til å fråtsa i lyr, seier Ellingsen.

Høyr heile songen her:

Her er Øystein Ellingsen frå Stavanger og Øystein Ellingsen frå Egersund sin sang om lyren.

Høyr heile «Lenge leve lyren» her. Tekst: Øystein Ellingsen frå Stavanger. Melodi: Øystein Ellingsen frå Egersund.

Skreiv eige dikt

Og det kan sjå ut som om Ellingsen har greidd å nå fram med sin kampanjejournalistikk for lyren.

Musikar Ole Alexander Mæland blei så inspirert at han sat seg ned og skreiv eit heilt dikt om lyren, som NRK Rogaland her publiserer i sin fulle lengde:

Eg har alltid syns synd på lyren

Dikt av Ole Alexander

Eg har alltid syns synd på lyren
Den stakkars gråfisken ingen ville ha
Aller minst na mor
Om sommaren då an far og meg fiska i kver fjor

Eg har alltid syns synd på lyren
Sjøl om an e te stola på
For når garnet e svart
E dorr alltid ein stive lyr, det har kver fiskar erfart

Eg har alltid syns synd på lyren
Når han går i teinå i steden for pannå
Men ikkje eingang krabben -
så kjenne luktå av fyren - gidde rikka på labben

Eg har alltid syns synd på lyren
Og som liden så lovpriste eg an far
Når han ligavel slødd´an -
peppra an ihjel - og te meg fødd´an

Så la det ver det opp te lyren
Og ver stolte av seg sjøl
For an mangle ikkje livets rett
Sjøl om folk mangle bruksvett