Hopp til innhold

Fisken ingen bryr seg om

Torsken har ein eigen song, steikt makrell er for mange det sommaren handlar om og kven kjenner ikkje til den stolte norske laksen. Men fisken du nesten alltid får på kroken når du fiskar, er det få som bryr seg om.

Lyr

LYR: Nok ein lyr har bite på kroken. Tar du den med deg heim og steiker den, eller går den til måkene?

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Leif Nøttestad

Leif Nøttestad i Havforskingsinstituttet seier det har blitt forska lite på lyr.

Foto: Havforskningsinstituttet

– Torsk, sei, laks, makrell.

Svara er mange når ein i fiskeribyen Egersund, spør folk om dei har ein favorittfisk. Dei saltsprengde folka her har vakse opp mellom fiskeslo og hylande måker. Dei elskar fisk, men er ikkje spesielt interesserte i lyr.

– Nå har eg nett kjøpt ein sei, som eg skal heim å steike, seier ei av dei.

– Kva med lyr?

– Den har eg ikkje så mykje til overs for, seier ho før ho sett retning heim mot kjøkkenet og steikeosen, med sei og lauk.

  • Kva meiner du om lyren? Sei meininga di nedst i artikkelen...

Halvtrist og grå

Dette er eigentleg historia om ein fisketur, som sette NRK-reporter Øystein Ellingsen på store tankar.

Han er midt ute på fjorden, har sloppe snøret ut og drøymer om napp. Nappet skal vera tungt, og helst frå ein svær torsk med kraftig skjeggvekst. Eller viltre napp på alle slukar, som når ein treff rett i ein stim med spenstig makrell.

Men det er då det skjer. Det nykkar kraftig i snøre, og han halar ivrig inn. Men etter eit par-tre tunge napp, blir snøre berre ganske tungt og litt keisamt å hala i.

Han veit det: Det er berre ein lyr. Nok ein halvtrist grå lyr.

Torsken har ein eigen song, steikt makrell er for mange det sommaren handlar om og kven kjenner ikkje til den stolte norske laksen. Men fisken du nesten alltid får på kroken når du fiskar, er det få som bryr seg om. Er lyren «den gløymde fisk», spør reporter Øystein Ellingsen.

Høyr Øystein Ellingsen om kvifor han vil setja lyren på det norske fiskekart.

Lite forsking på lyr

Kva e det med lyren? I fjordane finst det lyr overalt, og folk har ete han gjennom alle tider. Likevel snakkar ingen varmt om lyren. Hobbyfiskar og tidlegare Aftenblad-journalist, Magne Olsen, har denne forklaringa.

– Lyren er over alt til alle tider på året, og når du får lyr fiskar du ofte etter noko anna.

Nei, lyren manglar forkjemparar. Sjølv ikkje forskarane på Fiskeridirektoratet er interesserte i lyren, fortel fiskeforskar Leif Nøttestad.

– Det er gjort svært lite forsking på lyren. Eg snakka med kollegaer og spurde dei kva som er gjort på lyr, responsen var nærmast; Hæ! Lyr, kva er det for noko?

Men for fiskarane må vel lyren bety ein del, eller for norsk fiskerinæring. Men nei ...

– Det er ikkje det heilt store med lyr, som regel går den inn i fiskekake-produksjonen, seier Lillian Myklebust ved Fonn Egersund.

Kva då med kunstnarane? Har dei malt, sunge eller skrive ramsalte dikt om lyren? Me spør litteraturforskar Janne Stigen Drangsholt.

– Eg har undersøkt om det er skive noko om lyren, og svaret er nei. Heller ikkje i den engelske litteraturen finn ein eitt einaste dikt om «pollack», som den heiter der, seier ho.

Oppskrifter med Lyr frå NRK sine matsider:

i flak

Ingen har altså skrive store ord om lyren. Noko må vera gale.

Kvifor hyllar ingen lyren? Kvifor svarer ingen lyren når me spør etter favorittfisken i Egersund. Dei einaste som hyler etter lyr ser ut til å vera holsvoltne måker.

Men så, etter timar med vandring i Egersund kjem Elisabeth Karlsen gåande.

– Kva fisk er favorittfisken din?

– Eg liker godt steikt lyr. Det er ein snøkvit nydeleg fisk, som fell i flak når du koker eller steiker den. Lyren er også herleg å laga fiskekaker av, seier ho heilt av seg sjølv.

Og ho held det gåande.

– Når du er ute i båt og har snøret uti, er det fantastisk å kjenna det seige nappet til lyren.

Det er som om ho skulle vore sendt frå havgudane for å fortelja at lyren er undervurdert. Derfor har Øystein Ellingsen bestemt seg.

Han skal i sommar setja lyren på fiskekartet. Få heile landet til å stemma i: «Lenge leve lyren».

Derfor blir det heftig einsidig kampanjejournalistikk for lyren dei komande dagane i tidenes første reine lyrserie tilrettelagt for norsk radio, og kringkasta i Lokalen.