Per Ivar Wold og kona Ingebjørg Wold skal ha siloane heime på garden sin.
Foto: Silje Bråstad / NRK– Siloane er frå 1930 og har eit pyramideforma tak. Det var nok ikkje så lang periode dei laga dei på denne måten, for det finst ikkje så mange av dei. Og av dei som blei laga, har fleire blitt rivne ned, fortel Per Ivar Wold.
Han står å ser på at heisekranen, som han har leigd inn, heisar siloane på nabogarden opp på eit vogntog. Desse skal fraktast til garden hans, der dei skal nyttast som opphaldsrom på garden der han saman med kona har selskapslokalet Köhlerpaviljongen, der dei også produserer rabarbrasaft (sjå video).
Då paviljongen kom på plass
VIDEO: I 2009 laga NRK dette innslaget om då Köhler-paviljongen kom på plass.
Del av besøkshage
Ved å laga betongtak på dei frittståande siloane var dei vedlikehaldsfrie i motsetnad til tretak. Nå er det vanlege at siloane er inn under løe-taket. Då Wold høyrde at planen var å riva siloane på nabogarden, var han ikkje i tvil om at han heller ville ha dei.
– Me vil ha det som del av ein besøkshage. På den måten får me også vist fram eit stykke kulturhistorie, seier Wold.
Her kan du sjå bilete frå forarbeidet som blei gjort før siloane kunne flyttast. Løa, som står heilt ved vegen når ein køyrer inn til Nærbø frå fylkesveg 44, skal rivast.