NRK Meny
Normal

Held fast på timesregelen

Samferdselssjefen går inn for at timesregelen skal gjelda, når den nye Bypakke Nord-Jæren trer i kraft. Det vil seie at etter å ha passert ein bomstasjon, så går det ein time før du må betala på nytt.

Samferdselsutvalet i Rogaland

Samferdselsutvalet i Rogaland gjekk-foreløpig-inn for Bypakke Nord-Jæren i dag.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Samferdselssjef Gottfried Heinzerling stadfestar at timesregelen skal gjelda, om ikkje politikarane går inn for noko anna. Men det er foreløpig eitt unntak:

Samferdselssjefen i Rogaland, Gottfried Heinzerling

Samferdselssjefen i Rogaland, Gottfried Heinzerling.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Dersom det også skal gjelde i samband med bilar som kjem frå Ryfast, så kjem det til å bety 40 millionar kroner mindre i bompengeinntekter kvart år. Om det kjem til å skje er foreløpig ikkje avgjort.

Ap tar saka til orientering

– Me kjem til å vera med vidare og forhandla om korleis denne bompakken skal sjå ut.

Det stadfestar gruppeleiar i Ap, Tom Tvedt.

Han seier også at det foreløpig ser ut til å kosta den enkelte bilist på Nord-Jæren så mykje meir i auka bompengeutgifter, at han slit med å kunne gå inn for den.

Det er heller ikkje enkelt å gå inn for ein bompengepakke som ikkje har Gandsfjordbru med i opplegget, sa Tvedt.

Vedtaket i Samferdselsutvalet

Det endelege vedtaket om det blir noko av Bypakke Nord-Jæren til 24.2 milliardar kroner, det skal vedtaes i Fylkestinget i desember. Derfor blei det berre eit foreløpig vedtak i Samferdselsutvalet i dag om at saka er tatt til orientering.

Så mykje kjem det til å kosta

Fylkeskommunen foreslår tre takstar i løpet av døgnet. 21 kroner utenom rushtida. 32 kroner mellom klokka 6-7 og 9-10 på føremiddaen og kl 14-15 og 17-18 på ettermiddagen. 43 kroner kjem det til å kosta mellom kl 7-9 og kl. 15-17.

Dei nye bompengetakstane trer i kraft den 1. januar 2017