Hopp til innhold

Heile Rogaland ryddar – her leverer du søppelet

Torsdag er det ryddedugnad i Rogaland. Men kva skal du gjera med alt søppelet du samlar inn?

Søppel

SØPPELSAMLING: Kommunane ber i utgangspunktet folk om å bruka sine vanlege søppeldunkar når dei skal bli kvitt søppelet frå torsdag. Likevel har nokre av dei interkommunale avfallsselskapa eigne løysingar for folk som ønsker å delta på «Heile Rogaland ryddar».

Foto: Erik Waage

Her er nokre køyrereglar for at ikkje ryddedugnaden «Heile Rogaland ryddar» skal enda opp med søppelkaos i fylket.

Hovudpoenget er at ein tar ansvar for det ein samlar inn sjølv. Finn du ein tom dunk eller har plass i ditt eige hushaldningsavfall, deponerer du søppelet der.

Dersom du har samla inn større mengder, har NRK snakka med dei som har ansvar for søppelhandsaminga i kommunane i Rogaland. Sjekk reglane i ditt område her, eller ta kontakt med servicetorget i kommunen din.

Dalane | Haugalandet | Jæren | Nord-Jæren | Ryfylke

Dalane

Dalane Interkommunale Miljøverk (DIM) tilbyr rullar med svarte sekkar til ryddegrupper. Ein tek kontakt med DIM på telefon 51 46 49 90, eller møter opp på Svåheia.

Dersom kommunen din ikkje tek imot fylte sekkar, kan desse leverast til DIM på Svåheia (Sokndalsveien 1165, 4372 Egersund).

Opningstider:

Måndag til torsdag kl. 07.00–15.00.

Fredag–vanlegvis stengt, men førstkomande fredag (28/4) kan det likevel leverast sekkar på Svåheia mellom kl. 07.00 og 13.00.

Haugalandet

Karmøy kan alle som har meldt seg på ryddeaksjonar levera bosset gratis i Borgaredalen miljøstasjon.

Dei som bur i eigarkommunane til Haugaland Interkommunale Miljøverk (HIM) (Bokn, Etne, Tysvær, Vindafjord og Haugesund) kan henta ein gul ekstrasekk på servicesenteret i eigen kommune, og på miljøparkane på Toraneset og Årabrot.

Dei vil levera ut sekkar så lenge lageret rekk, og dei satsar på å ha sekkane tilgjengelege i løpet av onsdagen.

Ekstrasekkane kan setjast fram ved sida av restavfallsbehaldaren når denne skal tømmast. Sekkane er til plast- og papiravfall, og anna lett avfall som ikkje høyrer heime i naturen.

Dei presiserer at det dermed ikkje er dei same rutinane som ved ordinær strandrydding eller organisert ryddedugnad som gjeld. Der kan ein også levera inn større ting som syklar, barnevogner osb. HIM har også ei slik ordning, men då må arrangøren senda ein søknad til HIM på førehand. Søknad finn ein på nettsidene til HIM.

Jæren

I Hå kommune må større innsamlingar må varslast om på førehand til servicetorget: 51 79 30 00. Elles kan folk bruka eigen dunk og eventuelt kjøpa klistermerke til ekstra søppelsekk som kan leverast inn ved neste tømming av restavfall.

I Time kommune kan alle som deltar hente søppelsekkar på servicetorget bak Storstova i Rådhuset. Opningstidene til servicetorget er 07:30-15:00. Søppelet ein samlar inn kan settast med rådhuset, skular eller barnehagar i kommunen, så skal kommunen kome og hente det. Men ein må sei ifrå til nokon som jobbar der om at ein set frå seg søppelet der.

I Klepp kommune kan ein kontakte Georg Apeland i renovasjon om ein har større mengder søppel ein må levere. Han kan nåast telefon 51 41 87 74 eller 900 69 642. Elles gjeld det å ta ansvar for det ein plukkar sjølv, og hive det i ein dunk om det er ledig plass.

Nord-Jæren

Stavanger kommune har lagt ut denne informasjonen på nettsidene sine:

Alle som er med og ryddar i Stavanger under «Hele Rogaland ryddar» på torsdag, fire meldingar til dykk:

1) Det beste er om du tar avfallet med heim og legg det i din eigne svarte behaldar for restavfall. Får du ikkje plass i behaldaren, set du avfallet frå ryddeaksjonen i ein sammenknytta sekk ved sida av dunken første gong restavfallet hentast. Send e-post til sivmnilsen@stavanger.kommune.no innan søndag med namn og adresse og tal på ekstra sekkar, så vi veit kor mykje ekstra avfall vi må hente.

2) Du kan også knytte sekkar med avfall godt saman og setje dei ved ein offentleg avfallsbehaldar i friområda. Finn du elektronisk avfall, medisinrestar, måling eller anna spesialavfall, må du setje dette i den raude behaldaren du har heime. Du kan bestille gratis henting av dette avfallet på www.hentavfall.no.

3) Ser de store mengder forsøpling eller hensatte gjenstandar som de ikkje får rydda, meld frå på VOF www.varsleomfeil.no, så sørger kommunen for at det vert henta. Det kan nok gå nokre dagar.

4) La oss minne kvarandre om at vi alle tar med avfallet vårt heim eller bruker avfallsbehaldarane som er plassert ute i friområda. Kvar gong, heile året. Er det fullt i behaldaren, ta avfallet ditt med til neste avfallsbehaldar.

Sandnes kommune seier at dei allereie arrangerer ein eigen vårryddeaksjon i veke 19, parallelt med NRK Rogaland si vårreingjering av fylket. Ein kan melde seg på via www.hentavfall.no, der ein og kan registrere kvar ein har rydda og kva for adresse avfallet skal hentast på. Meir info er på denne lenka.

Sola kommune har òg ein eigen ryddeaksjon mot 17. mai, kalla «La Sola skinne». Meir info om dette finn du nedst på denne nettsida. Om ein har samla meir søppel enn ein klarar å handtere sjølv, kan ein sende e-post til lasolaskinne@sola.kommune.no med kva ein har samla inn, og adressa avfallet skal hentast på, så ordnar kommunen det.

Randaberg kommune seier at ein kan ringe inn på servicetorget sitt nummer ­51 41 41 00 eller sende mail til servicetorget@randaberg.kommune.no, så skal kommunen kome og hente det. Berre pass på å setje avfallet lett tilgjengeleg.

Ryfylke

I kommunane Strand, Hjelmeland, Forsand, Suldal og Finnøy blir folk oppfordra til å bruka sine ordinære søppelspann, men dersom det blir samla inn større mengder er det berre å kontakta Ryfylke Miljøverk (RYMI) på telefon: 51 75 95 50.

Containerane som vanlegvis er meint for hytterenovasjon kan også brukast i samanheng med «Heile Rogaland ryddar». I Ryfylke vil det dessutan bli køyrt ekstra innsamlingsrundar fredag og laurdag for å henta inn alt avfallet.