– Sjølv om me har ein koronapandemi, er det viktig at me ikkje sluttar å bry oss om miljøet, seier journalist og initiativtakaren til «Heile Rogaland ryddar», Johan Mihle Laugaland.
Derfor inviterer NRK Rogaland til ryddedugnad for femte år på rad.
Likevel: Det er pandemi, og visse forholdsreglar skal ein ta. Spesielt med tanke på at ein må forventa å finna mange munnbind.
Bruk hanskar og hald avstand
Me har spurt fylkeslege Janne Dahle-Melhus om kva som er viktig å tenka på.
– Når ein skal plukka opp brukte munnbind må ein ha hanskar på seg, og helst ta på munnbindet i strikkane eller knyttesnorene. Dei kan kastast i vanleg restavfall, seier ho.
Elles så er det dei vanlege smittevernråda som gjeld.
– Dei som skal ut å rydda bør halda to meter avstand frå kvarandre, og bruka munnbind dersom dette ikkje er mogleg, seier smittevernoverlege i Rogaland, Janne Dahle-Melhus.
Treng ambassadørar
Laugaland håper likevel at folk ser verdien i å ta ein ryddedugnad.
– Det handlar ikkje om at folk skal fylle opp konteinere, men at alle bidrar litt. Ta ein liten runde for Rogaland, seier Laugaland.
Han vil gjerne ha ambassadørar som kan gå i front, for å få folk med seg på den store ryddedugnaden.
- Dei som vil vera ambassadør kan ta kontakt på e-post.
Ansvar for eige søppel
Ryddedugnaden er berre eit initiativ til rydding.
Søppelet som blir samla er kvar enkelt ansvarleg for å kvitta seg med sjølv.
Dersom det er spørsmål rundt dette kan det vera lurt å høyra med kommunen der du bur.