Hopp til innhold

Sette garn – få timar seinare var det vekke

Morten Rønnestad (21) frå Haugesund vil satsa på fiskaryrket. Men etter at han sette det splitter nye garnet sitt i sjøen vest av Karmøy på torsdag, har han ikkje sett meir til det.

Morten Rønnestad ombord i båten sin

Morten Rønnestad om bord i båten sin i Smedasundet i Haugesund

Foto: Tor André Johannessen

Morten Rønnestad har fagbrev som motormann og gjorde unna læretida på fiskarbåt. Så då han ikkje fekk jobb etter at læretida var slutt tenkte han å satse som fiskar sjølv.

– Ikkje i noko stor skala, men eg har ein liten båt og eg handla meg eit nytt garn, for å sjå om dette kunne bli noko å leva av, fortel han.

Skikkeleg uflaks

Men det første forsøket enda svært dårleg. Torsdag ettermiddag sette han og to kameratar det nyinnkjøpte garnet i sjøen vest av Karmøy, ved fyrlykta ved Kråkene.

Då dei kom att i 20-tida på kvelden var garnet forsvunne. Det var 28 meter langt, fire-fem meter høgt og var sett på om lag 40 meter djup. Garnet var utstyrt med blåmalte søkke og godt merka blåser.

Morten Rønnestad i båten sin, sett litt bakfrå

Morten Rønnestad satsar på at han skal få hjelp til å få tilbake garnet sitt.

Foto: Tor Andre Johannessen

– Det kosta jo ikkje meir enn 1200 kroner, men for ein utan arbeid så er det mykje pengar, seier Rønnestad.

Håper på hjelp

Då NRK Rogaland snakka med Morten Rønneberg på søndag ettermiddag, hadde han ennå ikkje sett noko meir til garnet.

– Det er nok nokon som har stukke av med det, vedgår han.

Likevel har han eit lite håp om at det skal koma til rette. For han vil gjerne gjera nokre fleire kast for å sjå kor mykje fisk han kan få.

– Dersom eg skal slå meg på fiskaryrket og investera i større båt og meir utstyr, så må eg jo ha litt greie på kor store fangstar eg kan rekna med, avsluttar han.

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg