Hopp til innhold

Hårsmuglar stoppa på flyplass

Ein 34 år gamal mann blei stoppa med fire sekkar laushår på flyplassen. – Det var lite truverdig at det var til personleg bruk, seier seksjonssjef i tolletaten Valborg Bishop.

Stort beslag av laushår

Tollarane fann at varene ikkje var til personleg bruk og at dei ikkje var fortolla. Varene blei derfor beslaglagde.

Foto: Tollvesenet

På tysdag gjorde tollarane ved Stavanger lufthavn Sola sitt hittil største hårbeslag, då dei stoppa ein 34 år gamal mann som kom frå Afrika.

– Då me stoppa han fann me svært mykje laushår. Dei 290 pakkane var nok til å fylla opp fire store svarte søppelsekkar, seier seksjonssjef i tolletaten Valborg Bishop.

Ho fortel vidare at mannen prøvde seg på ei forklaring som dei festa lita lit til.

– Det var lite truverdig at håret var til personleg bruk, seier ho.

Meld til politiet

Det er ikkje uvanleg at tollarane finn laushår i bagasjen til folk, men aldri slike mengder.

Konklusjonen blei at mannen skulle vidareselja håret frå ein butikk i Stavanger. Han hevda å ha kjøpt det for om lag 5000 kroner. Salsprisen på nett for same mengde hår er omtrent 10.000 kroner.

I tillegg til det håreisande laushår-funnet hadde mannen 33.000 kroner i kontantar på seg. Han fekk eit gebyr på 6800 kroner då pengane ikkje var deklarert til tolletaten.

Han er meld til politiet for hårsmuglinga.

– Sjølve håret, som nå ligg på lager, blir truleg destruert.