Hopp til innhold

Han står bak legendemål for Viking, men har null kampar i statistikken

SANDNES (NRK): Arild Ravndal står bak eit legendarisk mål for Viking, men i statistikken har han null kampar. Ein annan spelar står bak fleire av kampane til «mirakelet i Haugesund»-scoraren.

Arild Ravndal

Arild Ravndal har fått legendestatus for målet som sikra Viking opprykk i 1988, men ikkje i statistikken til Norges Fotballforbund (NFF).

Foto: Bjørn Olav Skjæveland / NRK

– Aldri høyrt om han før, seier tidlegare Viking-spelar Arild Ravndal.

NRK har møtt han på golfbanen, og akkurat spurt om namnet John Maudal seier han noko.

For medan Ravndal, som mellom anna sette straffa som sørga for Viking sitt opprykk til øvste divisjon i 1988, ikkje står oppført med ein einaste kamp eller mål i statistikken, har Maudal 51 kampar og fem mål. For Viking.

Mellom anna fleire kampar der Ravndal både har spelt og scora.

Og det er eitt problem til: John Maudal har aldri spelt fotball for Viking.

– Frekt, seier Ravndal og ler.

Heada ballen frå målvakta

Ikkje høyrt om «mirakelet i Haugesund»? I 1988 måtte Viking slå Vard i Haugesund for å rykke opp. Samstundes måtte Vidar måtte slå Start i Stavanger.

Retting måndag 4. mai: Ein tidlegare versjon av denne saka gav inntrykk av at Maudal sto oppført med mirakelmålet. Det er ikkje riktig, for denne kampen er ikkje med i statistikken i det heile tatt.

Vidar vann, men i Haugesund såg det ikkje bra ut. Etter 90 minutt viste resultattavla 2–2.

Men så, på overtid, heada Alf Kåre «Fygaren» Tveit header ballen ut av målvakta sine hender. Målvakta felte Tveit, og dommar Terje Hauge blåste straffe.

Dåverande Viking-kaptein Arild Ravndal scora, og resten er historie. John Maudal-historie?

– Du må helsa til han. Spør han om han var god, seier Ravndal og ler meir.

For dei som er opptatte av statistikk, er det ei kjent sak at Norges Fotballforbund sin statistikk ikkje alltid er rett oppdatert. Det er ein av desse som har funne samantreffet Ravndal/Maudal.

Sjølv blei Maudal kontakta av ein han ikkje hadde snakka med på mange år. Ein kompis frå vidaregåande skule-tida lurte på korleis dette kunne ha seg.

– Han syntest det var artig at eg sto oppført med Viking-kampar, seier Maudal.

Det same synest Maudal sjølv.

John Maudal

John Maudal.

Foto: Bjørn Olav Skjæveland / NRK

Maudal har spelt for klubbar som Ålgård, Figgjo og Bjerkreim i Rogaland. Han har vore på kretslaget og på landslagssamling.

Men han bekreftar:

– Eg har aldri spilt ein kamp for Viking.

– For meg kjem det heilt ut av det blå, seier han.

Skulle gjerne hatt Haugesund-kampen

Norges Fotballforbund (NFF) har førebels ikkje noka forklaring på korleis dette har skjedd, men kommunikasjonssjef Yngve Haavik lovar å komme tilbake til saka når dei veit meir.

Mirakelmål-mannen Arild Ravndal kjem til å sove godt om natta sjølv om det skulle ende med at ingenting skjer og Maudal blir ståande med kampane hans.

Bortsett frå ein, da.

– Han kan få dei, berre eg får behalda den kampen i Haugesund.

Sjå video frå 1988 – då denne utrulege episoden på overtid sende Viking FK opp til eliteserien.

VIDEO: Sjå innslaget i Sportsrevyen frå 1988. Ein utruleg episode på overtid sende Viking til eliteserien.

Flere nyheter fra Rogaland