Hopp til innhold

Mystiske egg kan stamma frå «penissopp»

Det har kome inn fleire forslag etter at NRK i dag fortalde om eit mystisk eggfunn på Bryne. Trollsmør, ulvemjølk og hekseegg frå penissopp er nokre av forslaga.

Hagestanksopp

PENISSOPP: Denne soppen sitt eigentlege namn er hagestanksopp, ein type stanksopp. Zoolog Petter Bøckman trur kanskje egga frå bryne er hekseegg, som stammar frå stanksopp.

Foto: Klaus Høidal

Petter Bøckman

Petter Bøckman er zoolog ved naturhistorisk museum i Oslo.

Foto: Petter Sommer / NRK

Det er snart tre veker sidan at Anne Lise Skretting frå Bryne fann mystiske kvite klumpar i bakgarden sin. Ho frykta at det var egga til gigantsniglar, men ho kan slappa heilt av.

I alle fall om ho har lit til alle ekspertane som i dag har sett på bileta, og vurdert dei.

– Diameteren på desse egga er større enn ryggen på vaksne sniglar, så eg ser bort frå at det er snakk om snigleegg, seier Petter Bøckman ved Naturhistorisk museum i Oslo.

Svære egg

Anne Lise Skretting frå Bryne blei forskrekka då ho fann ein klase med eggliknande klumpar i bakgarden sin.

Foto: Privat

Penissopp

Han, som fleire andre ekspertar innan biologi, trur snarare at dette er eit sopprelatert spørsmål.

– Ut frå bileta ser dette ut som hekseegg. Det er fruktlekamen til ein sopp som veks opp og blir kalla stanksopp. Denne luktar ròte kjøt, og skal vera god å eta. Stanksopp er verken veldig vanleg eller veldig uvanleg, seier Bøckman.

Den mest kjende typen stanksopp er hagestanksoppen, den blir populært kalla penissopp, på grunn av sin utsjåande.

Ser dei vanlegvis ikkje så små

– Men korleis hamna desse hekseegga på brusteinen i ein bakgard?

– Vanlegvis ser me ikkje egga når dei er så små. Det er på grunn av at dei vanlegvis er under bakken og jobbar seg opp, men det at dei blei funne mellom brustein gjorde kanskje at dei blei oppdaga medan dei var såpass små som dei var, seier Bøckman.

Både ved Norsk institutt for bioøkonomi og i ein garasje på Bryne ligg nå egga til klekking. Dersom dei blir liggjande trur altså Bøckman at det til slutt vil veksa ein sopp ut frå dei.

Høyr heile intervjuet med Bøckman her:

Mange fleire teoriar

Men Bøckman er ikkje den einaste som har teoriar rundt kva det kan vera. Anton Liaimer frå Institutt for arktisk og marin biologi ved Universitetet i Tromsø tenker også at det kan vera ein sopp. Men ein litt annan type.

På lik linje med Bøckman har også han berre sett bilete av kulene.

– Eg kan ikkje slå noko fast om eg ikkje ser det under mikroskopet, noko eg gjerne skulle gjort, men for meg ser dette ut som slimsoppen trollsmør, seier Liaimer.

– Men kva er det?

– Dette er eigentleg ei enkeltcelle som vandrar rundt og samlar mat, men viss det blir dårlege forhold med lite mat, så seier dei til kvarandre at det er på tide å danna sporer. Då samlar dei seg opp til fruktkropper og utvekslar genetisk materiale og dannar sporer, seier Liaimer.

For at dette skal skje må det vera fuktig og mykje nedbrytbart avfall. I Norge er det om hausten at dei er vanlege å sjå.

Høyr heile intervjuet med Liaimer her: