Hopp til innhold

Fann mystiske «egg» utanfor huset

Anne Lise Skretting frå Bryne blei forskrekka då ho fann ein klase med eggliknande klumpar i bakgarden sin. Nå prøver forskarar å klekka egga.

Mystiske egg

LIGG TIL KLEKKING: I garasjen til nabo Annette Høyland ligg ein del av egga i syltetøyglas. Men dei finaste eksemplara ligg hos Bioforsk på Særheim.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Lissi Skretting

ØNSKER SVAR: Anne Lise Skretting håpar at ho snart får svar på kva det er for noko ho har funne.

Foto: Mathias Oppedal / NRK
Mystiske egg

SVÆRE: Ingen har så langt slått fast om det i det heile teke er egg, kulene som Lissi Skretting har funne utanfor huset sitt.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

For snart tre veker sidan fekk Anne Lise Skretting, eller Lissi som ho kallar seg, ei overrasking då ho skulle følgja hunden sin ut i bakgarden.

På brusteinen fann ho fleire kvite geleaktige klumpar.

– Først såg eg ein, så såg eg at det var fleire, og at dei låg samla i reir rundt forbi. Det var veldig ekkelt, seier Skretting, som ikkje har noko til overs for sniglar, slangar og andre blaute dyr.

Lagt til klekking

I frykt for at klumpane i bakgarden kanskje var egg frå gigantiske sniglar ringde ho naboen sin, som berre er redd for edderkoppar, sporenstreks. Annette Høyland kom over og samla alle egga inn.

Nysgjerrig på kva det kunne vera, samla ho dei i syltetøyglas. Dei største kulene, som var meir enn to centimeter blei levert inn til forskingsstasjonen på Særhiem.

Her har dei blitt lagt til klekking på Norsk Institutt for Bioøkonomi, tidlegare Bioforsk.

NRK har vore i kontakt med den ansvarlege forskaren der, som meiner at det er for stort til å vera snigleegg. Då er det meir realistisk med skjelpadde-egg. Ein annan teori er at det er snakk om bær eller ein sopp med namn gelesopp.

Annette Høyland og Lissi Skretting

GODE NABOAR: Sidan Anne Lise Skretting hatar sniglar og alt anna av blaute dyr fekk ho nabo Annette Høyland til å fjerna egga. Høyland har ein god del av egga i garasjen sin på syltetøyglas, medan dei finaste egga ligg hos Bioforsk på Særheim.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Romvesen-egg

I tillegg til forskinga som føregår på Særheim, så prøver dei to gode naboane sjølv å finna utav ting.

– Me har lagt egga ut på ulike facebook-grupper der me spør kva det kan vera, fortel Høyland.

Der har dei fått ein god del ukvalifiserte forslag som kobraslange, romvesen-egg og liknande.

Eit forslag som også kjem opp er såpekuler, og dei held moglegheita for at dette er ein stor spøk heilt open.

– Eg veit ikkje kven som skulle funne på noko slikt, men det er jo ein velkjend sak at Anne Lise er veldig redd for sniglar, så det finst jo eit motiv, seier Høyland.

Uansett kva det er, så håper dei på svar. Og førebels, altså etter tre veker, så har ingenting kome ut av klumpane.

Svære egg

SVÆRE EGG: Her kjem storleiken på egga godt fram.

Foto: Privat