Hopp til innhold

Haaland hintar om City-debut

Erling Braut Haaland vart sitjande på benken på treningskampen mot Club America i Houston natt til torsdag. På førehand var det venta at dette kom til å bli rogalendingens debut for Manchester City. Haaland var ikkje til stades på oppvarminga, og var ikkje kledd for kamp når den starta.

På Twitter i morgontimane torsdag hintar han sjølv om at han vil debutere i den lyseblå drakta når Manchester City skal spele mot Bayern München natt til sundag.

Erling Braut Haaland
Foto: mancity.com