Hopp til innhold

Haaland-feber i Manchester: – Det er berre eitt namn folk vil ha

Det er ingen tvil om kven som er den største lyseblå fotballstjerna i Manchester. For City-butikken har salet av drakt nummer 9 med Haaland på ryggen gått til himmels.

Manchester-stills

Den offisielle supporter-butikken til Manchester City sel stort sett éin ting om dagen: Haaland-stæsj.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Inne i den offisielle Manchester City-butikken ved klubben sin heimebane, Etihad Stadium, ber nesten alle skjortene gullfoten frå Bryne sitt namn og nummer.

Den 22 år gamle spissen har blitt ein favoritt i England, både hjå folk og avisene.

I butikken som berre sel City-suvenirar er det tett mellom Haaland-drakter, -t-skjorter og -plakatar.

– Trøye-salet har gått gjennom taket denne sesongen. Det er berre eitt namn folk vil ha på ryggen, og det er Haaland, seier butikkmedarbeidar Frankie Damico entusiastisk.

Frankie Damico syner fram ein av Haaland-effektane dei sel i supporterbutikken

Marknaden for Haaland-drakter og T-skjorter med Haaland-print er brennheitt i Manchester.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Fotballstjerna frå Jæren og Noreg er blitt ei gullgruve for dei som sel supporterutstyr.

For å ha nok på lager, er det gjort store bestillingar av Haaland-utstyr.

– Er det samanheng mellom salet og alle måla han har laga for City?

– Eg trur det handlar om han (Haaland). Han held fram med å skåra mål, og folk er veldig begeistra. Han har kome med noko annleis til Manchester. Det handlar om han, ikkje berre at han skårar hat trick, meiner butikkmedarbeidaren.

Les også Britene morer seg med norske fotballuttrykk som «goal horny» og «baby food»

Bilete av Erling Braut Haaland i si blå City-drakt som nett har skåra mål. Han peikar på publikum og feirar. Oppå biletet ligg ein skjermdump av ei overskrift frå ei engelsk avis: "Manchester City's Erling Haaland is 'goal horny' – according to Norwegian idioms"

– Eg berre måtte ha Haaland

Inne på butikken går 12 år gamle Brian Ramirez saman med mor si, Cristie. I hendene har ho eit lass av klesartiklar med klubblogoen på.

Ei trøye skil seg ut i haugen. Ei drakt med eit stort 9-tal og ein jærbu sitt namn på baksida.

– Vanlegvis liker eg ikkje å kjøpe drakt med namn bak, men eg måtte berre ha Haaland. Det er et «must», seier Ramirez.

12-åringen frå USA er ein trufast City-supporter, og har følgt nøye med på Haaland.

– Eg liker aggresjonen hans. Han er målretta og aggressiv, og eg liker måten han spelar på. Han er vår beste spelar nå.

Haaland-fans fra USA

Brian Ramirez frå Ohio i USA måtte ha Haaland bak på Manchester City-trøya

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Møter gamleklubben

Onsdag kveld spelar «oksen frå Bryne» mot gamleklubben Borussia Dortmund i Meisterligaen.

Det betyr startskotet for det City manglar for å bli blant dei aller største klubbane; meisterligatrofeet.

– Det er trofeet City-tilhengarar vil ha meir enn noko anna. Han (Haaland) er det klubben har mangla i Meisterligaen. Han er den fødde målskårar, og det vil ta oss langt i den gjævaste klubbturneringa, seier Damico.

Men det er ikkje berre i Manchester City-butikken dei merkar Haaland-feberen.

Ifølge dei som jobbar i klubben har det blitt veldig mykje meir trykk frå utanlandske medium etter at storskåraren frå Noreg kom til klubben.

Haaland-trøye

T-skjorte med Haaland-påskrift og bilete i Manchester City-butikken.

Haaland

Trykk med Haaland på ryggen er det mest populære i City-butikken.

Manchester-stills

Ingen tvil om kven som er den store salsmagneten. Stor Haaland-plakat utanfor City-butikken.

City store.

City-butikken i Manchester.

Number 9

Haaland er nummer 9 på City.

Ethiad Stadium

Etihad stadium er Manchester City sin heimebane.

City-fans trur på Meisterliga-suksess

Det kan også Sky Sport-reporter Alan Irwin stadfesta.

– Erling Haaland er tema på kvar pressekonferanse med City-manager Pep Guardiola. Og kvifor skal det ikkje vera det med den fantastiske starten han har hatt på City-karrieren.

Den erfaren fotballreporteren ramsar opp den imponerande Haaland-statistikken: Tolv mål totalt for City, to av dei i Meisterligaen, ti i Premier League på berre seks kampar.

Erling Braut Haaland

Erling Braut Haaland var aktiv og i godt humør på trening tysdag, den siste før Meisterliga-kampen mot gamleklubben Borussia Dortmund onsdag kveld.

Foto: LINDSEY PARNABY / AFP

Då han skåra sitt førre mål i den engelske toppdivisjonen tangerte han ein «umogleg» rekord: Ingen har nokosinne skåra ti mål raskare i Premier League.

– Erling er 22 år. Framtida ser så lys ut for han og for Manchester City, seier Sky Sport-reporter Irwin.

Vinner City Mesterligaen denne sesongen?

Han viser til kor nær City har vore Meisterligatrofeet tidlegare sesongar, og at City-fans nå har tru på at Haaland blir den vesle forskjellen som tar dei det siste steget til topps.

– Hadde Erling spelt for City førre sesong, hadde han truleg tatt dei minst til finalen. Kanskje hadde han skåra eitt mål eller to som gjorde at dei vann finalen også, meiner Sky Sport-reporteren.

Kjenner du noen som kjenner noen som er litt kjente? Da er dere nok bestevenner. Iallfall ifølge Haalandkameratene!

Kjenner du nokon som kjenner nokon som er litt kjente? Då er dykk nok bestevenner. I alle fall ifølge Haalandkameratene!