Hopp til innhold

Haaland tangerte «umogleg» rekord: – Det er reint instinkt

Erling Braut Haaland held fram med å plage Premier Leagues forsvarsspelarar. Laurdag tangerte han ein «umogleg» rekord, men det heldt ikkje til ein City-siger.

Premier League - Aston Villa v Manchester City

HISTORISK: Ingen har nokosinne skåra ti mål raskare i Premier League enn det Erling Braut Haaland har gjort etter overgangen til Manchester City.

Foto: ANDREW BOYERS / Reuters

Haaland held fram med å slå målrekordar i den engelske toppdivisjonen. Mot Aston Villa skåra han sitt tiande for dei lyseblå, i berre sin sjette seriekamp for klubben. Dermed tangerte han ein historisk rekord, men det blei likevel berre eitt poeng.

For Haalands skåring blei utlikna av ein perle frå Leon Bailey, som sørga for at poenga blei delte i Birmingham.

Haaland frustrasjon

Det tok si tid før ballen endeleg låg i nettet for nordmannen, trass i at Manchester City storma ut frå startblokkene.

Allereie etter fem minutt skapte dei kampens første enorme moglegheit. Godt kombinasjonsspel mellom Haaland og Bernardo Silva førte til at Kyle Walker blei spela fri inne i boksen.

Aleine med Aston Villa-målvakt Emiliano Martínez kunne han spelt på tvers til Haaland framfor målet, men backen gjekk for avslutninga sjølv.

Avslutninga fauk opp på tribunen, til nordmannens store frustrasjon.

Les også Haaland avslører ukjent metode – avgjorde fremtiden ved hjelp av poengsystem

Erling Braut Haaland kunne velge mellom flere av verdens største klubber.

– Skal ringe Gerrard

Først i den andre omgangen sat ballen i mål for Haaland. Eit ellevilt innlegg frå De Bruyne fann Haaland lurande på bakarste stolpe. Og der gjorde nordmannen ingen feil, og sette ballen i mål.

– Haaland hadde knapt rørt ballen i kampen, men det er det han gjer. Haaland er der med den enklaste avslutninga på bakarste. Det er reint instinkt, sa Michael Brown, tidlegare Manchester City-spelar i BBC Radio 5 si sending.

Premier League - Aston Villa v Manchester City haaland

SKÅRING: Haaland skårar sitt tiande mål for sesongen.

Foto: ANDREW BOYERS / Reuters

– Der er Haaland som best. Han er så god til å vite akkurat kvar ballen hamnar, seier den tidlegare West Brom- og Sverige-stopparen Jonas Olsson i Viaplays studio.

Og i berre sin sjette kamp i Premier League sette han med det sitt tiande mål for City. Berre éin spelar kan vise til liknande nummer: Micky Quinn, den tidlegare Coventry-spelaren.

I 1992 leverte han identiske siffer, og før Manchester Citys møte med Aston Villa trua han med å ringe Villa-sjef Steven Gerrard for å få behalde rekorden sin.

– Eg skåra ti på mine første seks kampar, og det skal han prøve å slå mot Aston Villa. Eg kjem til å ringe Gerrard og be han om å putte ein sove-tablett i Haalands middag, sa Quinn med eit smil til Daily Mail før kampen.

Haaland er også spelaren som har brukt færrast kampar frå sesongstarten til å nå ti nettkjenningar. Quinn blei signert av Coventry midtvegs i 1992/93-sesongen.

– Han vil knuse alle slags rekordar dersom han held seg skadefri. Han kan ende opp som den beste vi har sett, så god er han, konkluderer Quinn.

Les også Haaland om Bayern-interesse: – Respektlaust mot Lewandowski

Erling Braut Haaland og Robert Lewandowski

– Stor dommarfeil

Det kunne blitt enno fleire nettkjenningar for nordmannen, etter at Aston Villa slapp gjestane til fleire store moglegheiter etter skåringa.

Haaland fekk to moglegheiter inne i boksen, men begge avslutningane gjekk rett på Villas argentinske målvakt.

De Bruyne var også marginar unna å doble leiinga, då hans frispark frå 20 meter small i tverrliggaren før den gjekk ut av spel.

Så var det Haaland sin tur til å ta over rolla som servitør. Han kombinerte med De Bruyne, som tok seg gjennom vertanes forsvarsledd, men belgiarens avslutning strauk stolpen.

Premier League - Aston Villa v Manchester City leon bailey

UTLIKNING: Bailey sikra eitt poeng for Aston Villa.

Foto: PETER NICHOLLS / Reuters

Men i staden var det Aston Villa som fekk utteljing. Jacob Ramsey fann Bailey framfor målet, og jamaikanaren hamra ballen i vinkelen, utakbart for Ederson.

Frå starten av kampen visste vi at dei skulle skape mange sjansar. Vårt lag var framleis på tåa, og vi lét ikkje målet eller sjansane slå oss ned. Vi var framleis i kampen, og det var det som var viktig, seier Bailey om måten Aston Villa slo tilbake på.

Og ti minutt før slutt låg ballen nok ein gang i City-målet, etter at Philippe Coutinho hamra ballen via tverrliggaren og i mål. Men feiringa blei kortvarig, for allereie før avslutninga hadde brasilianaren blitt avblåst for det som viste seg å vere ein feilaktig offside.

– Eg har ikkje sett Coutinho-situasjonen på nytt, men eg trur dommaren er for rask med fløyta, sa Steven Gerrard til Viasat etter kampen.

– Det var ein stor dommarfeil å blåse i fløyta der. Villa kan føle seg litt snytt i slutten av kampen, sa Sky Sports kommentator, Jamie Carragher.

For målet blei aldri teljande, og dermed enda det med poengdeling.

Siste nytt

  • To Carlsen-seirer i Tyskland

    Sjakkstjernen Magnus Carlsen vant begge sine partier torsdag og ligger alene på toppen av Chess Classic i tyske Karlsruhe etter seks runder.

    Nordmannen står med fire poeng etter de første seks rundene og har ett poeng ned til sine nærmeste konkurrenter. Torsdagens seirer kom mot Vincent Keymer (Tyskland) og Richard Rapport (Romania).

    Turneringen spilles i formatet «rask klassisk», som betyr at spillerne har 45 minutter på klokka og får ti sekunder ekstra for hvert trekk.

    Alle de seks deltakerne skal møte hverandre to ganger hver innledningsvis, før det er finale, kamp om tredje- og femteplass 2. påskedag.

    Det er første gang turneringen arrangeres etter koronapandemien. Carlsen har vunnet turneringen to ganger tidligere og er tittelforsvarer ettersom han vant i 2019. (NTB)

    Magnus Carlsen Samarkand
    Foto: Lennart Ootes / Fide
  • Medier: Liverpool gir opp Alonso-jakten

    Både The Times og The Telegraph skriver torsdag kveld at Xabi Alonso neppe blir Liverpool-manager når Jürgen Klopp gir seg i sommer.

    Den nåværende Bayer Leverkusen-treneren skal nemlig ønske å bli i den tyske klubben etter sesongen.

    Alonso er i ferd med å lede Leverkusen til klubbens første seriemesterskap. Med åtte kamper igjen av Bundesliga, leder de med ti poeng ned til Bayern München.

    Begge avisene skriver at det er to navn som skiller seg ut for Liverpool når Klopp går av etter ni år i jobben. De er Brighton-manager Roberto de Zerbi og Sportings Ruben Amorim.

    Xabi Alonso
    Foto: Thilo Schmuelgen / Reuters
  • Leicester sparket treneren – skal ha hatt forhold til spiller

    Leicesters kvinnelagstrener Willie Kirk har mistet jobben. Ifølge engelske medier skal grunnen være et forhold til en av klubbens spillere.

    Leicester bekrefter sparkingen på sine nettsider torsdag kveld.

    «Etter en grundig intern disiplinær prosess, har det blitt avdekket at Willie har brutt lagets etiske retningslinjer», heter det i uttalelsen.

    The Guardian og The Athletic melder at Kirk skal ha hatt et forhold til en spiller. Kirk ble suspendert tidligere i mars da klubben skulle etterforske påstandene, og nå har de kommet til den konklusjon at Kirk må gå.

    Kirk ble direktør i klubben i juli 2022 og tok noen måneder senere over treneransvaret.

    Assistenttrener Jennifer Foster og førstelagstrener Stephen Kirby får det midlertidige ansvaret for klubben som er nummer ni i den engelske toppdivisjonen. (NTB)

    Willie Kirk
    Foto: ANDREW BOYERS / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal