Hopp til innhold

Gudrun gav rekordhalvår for hotellbransjen

Men nå som plattforma har forlate Aibel sitt verft på Risøy, kan det forandra seg.

Hotellbransjen i Haugesund har levd godt på oljeindustrien, og har hatt eit rekordhalvår i 2013. - Grunnen er den store byggeaktiviteten på Aibel sitt verft på Risøy. Nå kan det endra seg etter at plattforma Gudrun har forlatt verftet.

SJÅ TV-INNSLAG: Gudrun var bra for hotellbransjen.

Hotellbransjen i Haugesund har levd godt på oljeindustrien, og har hatt eit rekordhalvår i 2013. Grunnen er den store byggeaktiviteten på Aibel sitt verft på Risøy.

Meir enn 60 prosent auke

– I enkelte periodar er det nesten som ein ikkje skulle tru det var sant, seier Johan Hjelmaas, som er hotelldirektør på Rica Maritim i Haugesund.

Han har hatt eit travelt første halvår i 2013. Auken har vore på meir enn 60 prosent i forhold til i fjor. Bygginga av Gudrun-plattforma på Aibel har mykje av æra.

– Me er veldig glad for denne aktiviteten, det gjer arbeidsplassar og har ein synergieffekt slik at me tenar pengar. Når det regnar på presten dryp det på klokkaren, seier Hjelmaas.

Håper på fleire Aibel-prosjekt

Også dei andre hotella i Haugesund har hatt stor auke i talet på overnattingar så langt i år. Og Aibel-leiinga er klar over effekten dei har på byen.

– Me har hatt ein veldig høg aktivitet med gode ringverknader på byen, seier prosjektleiar i Aibel Jon Garborg.

I går forlét Gudrun Haugesund og blei slept ut til Nordsjøen. For hotellbransjen er det ein litt trist epoke som nå er over.

– Det er alltid trist når nokon reiser her ifrå, men det opnar nye dører. Me veit jo at Aibel har stor aktivitet, så me ser fram til nye prosjekt, seier Hjelmaas.

Sjå video: Her blir Gudrun frakta til Nordsjøen

I ettermiddag fraktes det gigantiske dekket til Gudrun-plattformen fra Aibel sitt verft på Risøy i Haugesund. Dekket er bygget i Haugesund og i Thailand siden mai 2011. Og Gudrun-feltet skal etter planen åpnes i begynnelsen av 2014.

Her blir Gudrun frakta ut til Nordsjøen