Hopp til innhold

Grindhaug held fram

Jostein Grindhaug er klar for tre nye år med FKH, og han er innstilt på hardt arbeid.

Video Grindhaug
Foto: Nyhetsspiller

– At Haugesund har gjort det høveleg bra i eliteserien gjer det nok lettare for journalistar, sponsorar og supportera å akseptera at eg held fram, sa Grindhaug til NRK.no tysdag.

Han rykka opp med FK Haugesund i fjor, og nå midtvegs i eliteseriesesongen ligg dei på ein 11. plass.

– Me har teke eit nytt steg i forhold til i fjor, men me kan framleis rykka ned i år, eller i løpet av dei tre neste åra, så det er langt i frå ein jobb som er ferdig gjort.

Håper på ny stadion

– Kvifor held du fram som trenar?

– Det er vel det at eg har vakse inn i trenarrolla, og har såpass gode kvardagar som gjer at eg gidd å halda fram med dette.

Kva er måla dine for dei tre neste åra som Haugesundtrenar?

Det blir nok litt slik at me må pusta gjennom ein sugerøyr, for me kan ikkje veksa inn i ein stabil eliteserieplass med 30-35 millionar kroner i budsjett. Men eg håpar at me i denne tre års periode kan koma i ein betre økonomisk situasjon og få ein ny stadion.

Spelarane er med på avgjersla

Då FKH for to år sidan skreiv ny trenarkontrakt med Rune Skarsfjord var styrets besluttning ikkje forankra i resten av klubben, og Skarsfjord slutta berre månader etterpå.

I følgje sportssjef Asbjørn Helgeland har spelarane blitt tekne med på råd denne gongen.

– Me har hatt ei spørjeundersøking blant spelarane, signala der ifrå var ikkje til å ta feil av, så eg veit at me har spelargruppa me på dette valet.

FKH-jubel etter den første scoringa

Spelarane synte gjennom ei spørjeundersøking at dei ville ha Grindhaug vidare.

Foto: Kyrre Lien / Scanpix

Ny sponsor

På pressekonferansen vart det også klart at mobilselskapet Chess blir den nye hovudsponsoren til FKH.

Som Jostein Grindhaug, inngjekk også Chess ein avtale på tre år med klubben.