Hopp til innhold

Grendehuset brann ned – ei veke etter førre brann

BJERKREIM (NRK): Grendehuset i Ørsdalen stod ikkje til å redda denne gongen. Seint i går kveld begynte det å brenna i bygget for andre gong på ei veke.

ANDRE GONG PÅ EI VEKE: Årsaka til brannen i grendehuset i Bjerkreim er så langt ikkje kjent. Politiet seier det er mistenkeleg når det brenn to gonger på kort tid. VIDEO: Heidi Karin Gilje Skog

Politiet fekk melding om brannen rett over klokka elleve i går kveld. Då var brannen så kraftig at himmelen ifølgje tipsaren var farga raud.

– Då naudetatane kom til staden så var grendehuset overtent og det lét seg ikkje redda, seier operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt, Victor Jensen.

Årsaka til brannen er så langt ikkje kjent, men det er berre ei veke sidan sist gong det brann i grendehuset i Ørsdalen.

Grendahuset i Ørsdalen i Bjerkreim brann ned.

Grendehuset i Bjerkreim brann ned til grunnen seint i går kveld.

Foto: Heidi Karin Gilje Skog

Ser på brannen som mistenkeleg

– Naudetatane var også den gongen på staden, då blei brannen avgrensa til ein liten del av bygningen og den vart raskt sløkt. Men denne gongen brann bygningen ned. Det at det startar å brenna på same stad to gonger i løpet av kort tid er mistenkeleg. Men brannårsaka er så langt ukjent, seier Jensen.

Brannårsaka til den første brannen er heller ikkje kjent.

Vil ha tips

No ynskjer politiet tips frå publikum.

– Så lenge brannårsaka ikkje er klarlagt, så kan me ikkje utelukka at brannen kan vera påsett, det kan sjølvsagt også vera ein teknisk årsak, men me ynskjer oss uansett vitneopplysningar.

Krimteknikarar skal gjera undersøkingar på branntomta i løpet av dagen.