Hopp til innhold

Nå har dei nærmast vore over alt

– Når Google bilen kjem til Obrestad må dei ha gått tom for plassar å kartlegga, tenkte Ørjan Augedal som var ute å henta heim kyrne då han såg Google-bilen. Og ganske riktig. Google er nå nesten heilt ferdige med å kartlegga Norge i sin «street view»-funksjon.

Obrestad

Ørjan Augedal var ute for å henta inn kyrne då Google-bilen rulla forbi han på Obrestad i sommar. Nå er han foreviga på Googel street view.

Foto: Google street view

– Nå har me ikkje mykje att av Norge, seier Jan Grønbech norgessjef i Google.

Han kan fortelja at dei på onsdag lasta opp svært mange nye bilete frå heile landet. Totalt auka dei talet på bilete med 86%.

– Forstod lite

Nå har dei berre nokre få bilete att før dei seier seg nøgde med Norge. Desse bileta kjem mellom anna frå Google-sykkelen som har kome til stader der ein bil ikkje kjem til.

– Google street view er å ta kartet eitt steg vidare frå satelittkart, og det kan vera verdifullt for mange å kunna sjå seg om i til dømes eit nabolag dei vurderer å flytta til, eller ein plass du vurderer å leggja ferien til, seier Grønbech.

Dei har køyrt rundt land og strand for å fotografera frå gatenivå. Ørjan Augedal forstod lite då han såg bilen.

Kongeparken

Google Street view er endåtil inne på Kongeparken i Ålgård.

Foto: Google street view

– Så lenge eg ser bra ut

– Eg var ute og skulle henta heim kyrne då eg såg ein bil som såg ut som om han var sendt frå NASA, med ein stor kamerarigg på taket. Då eg såg at det var Google-bilen lurte eg på kva i alle dagar den gjorde her, seier Augedal.

Han legg til at så lenge han ser kjekk og flott ut på bilete er det ikkje han imot å hamna på Google.

– Eg har høyrt om folk som klagar på at dei har hamna på kartet i bikini, eg hamna der i arbeidsklede saman med kyrne, men bryr meg ikkje om det, seier Augedal.

Nesten like bra som USA

Sjølv om ikkje alle vegar i landet er dekte av Google seier Grønbech at det heller ikkje er målet.

– Det ville vore umogleg å få med alt, men hovudvegane langs tettbygde strøk har vore eit mål som me nå er så godt som i hamn med, seier han.

Norge har nå nesten like god «street view» dekning som USA og Mexico legg han til.

Dersom folk ikkje vil ha huset sitt eller seg sjølv i denne tenesta kan dei varsla Google, og dei vil bli fjerna det for all tid.

– Også viss bilskilt eller fjes ikkje har blitt autosladda slik som dei skal, oppmodar Google-sjefen folk om å ta kontakt.