Hopp til innhold

Når måla for «korona-lageret» neste år

Tilgangen på smittevernutstyr er god, med unntak av hanskar. Det nasjonale beredskapslageret når måla sine med god hjelp av fleire norske produsentar.

Sykepleier med smittevernsutstyr

– Hanskar blir i all hovudsak produsert i Malaysia og dei har ikkje klart å oppskalera produksjonen for å møte etterspurnaden, seier fagdirektør Svein Lie i Helsedirektoratet.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

– Pustevern har eit forbruk som er meir enn 50 gonger normalt årsforbruk i helsetenesta, seier fagdirektør Svein Lie i Helsedirektoratet.

Men trass i auka bruk av smittevernustyr og ekstrabestillingar, blir måla for det nasjonale beredskapslageret nådd første kvartal neste år.

Det er godt nytt for dei som i vår frykta mangel på smittevernutstyr.

– Den internasjonale tilgangen på smittevernutstyr er generelt god med unntak av hanskar. Hanskar blir i all hovudsak produsert i Malaysia og dei har ikkje klart å oppskalera produksjonen for å møta etterspurnaden, seier fagdirektør Lie.

For Noreg sin del er hanskemangelen utfordrande, men ikkje kritisk, ifølge direktoratet.

Den siste oppdateringa viser blant anna denne lagerbehaldninga for spesialisthelsetenesta (tal frå veke 50):

  • Hanskar: Drygt 113 millionar
  • Kirurgisk munnbind: Drygt 60 millionar
  • Smittefrakkar: Drygt 7,8 millionar

Fleire norske produsentar

Det er gjennom året inngått ei rekkje avtalar med ulike norske produsentar av smittevernutstyr. Dei bidreg til å fylla opp beredskapslageret.

Jan Frich

Viseadministrerande direktør Jan Frich i Helse sør-øst.

Foto: Bjørn Olav Nordahl / NRK

– Med ein utfordrande internasjonal marknad for smittevernutstyr, er desse avtalane viktige for å sørga for at norsk helsevesen har nok utstyr, både på kort og noko lengre sikt, seier viseadministrerande direktør Jan Frich i Helse Sør-Øst.

Helseføretaket har fått eit nasjonalt koordineringsansvar for innkjøp av smittevernutstyr og legemiddel i samband med koronautbrotet.

Pandemien har skapt stor auke i etterspurnaden etter smittevernutstyr. Sidan mars har Helse Sør-Øst og Sykehusinnkjøp skaffa over 450 millionar einingar smittevernutstyr.

– Med eit slikt forbruk vil me vera avhengige av leverandørar både nasjonalt og internasjonalt, seier Frich i Helse Sør-Øst.

Storsatsing i Rogaland

Smittevernproduksjon AS i møbelbygda Sykkylven i Møre og Romsdal blei i vår Noregs første fabrikk for smittevernutstyr. Dei skulle gjera landet meir sjølvforsynt.

Det er etablert norsk produksjon av munnbind, pustevern, stellefrakkar og noko visir.

Nå går også det nyetablerte selskapet SG Safety AS i Rogaland snart i gang med bygging av eit 2800 kvadratmeter stort produksjonslokale for verneutstyr på Tau i Ryfylke.

Bedrifta er i dialog med helsestyresmaktene om leveringsavtalar. Målet er å produsera munnbind i dei nye lokala til sommaren.

– Me håpar og trur at norske aktørar kan støtta opp om norsk produksjon. Dersom me berre baserer denne type utstyr på import, blir me veldig sårbare, seier dagleg leiar Stian Årvik.

Stian Årvik.

Stian Årvik er dagleg leiar i selskapet SG Safety AS, som han har etablert saman med far sin. Selskapet skal mellom anna produsera munnbind i Nordmarka på Tau i Rogaland.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Ikkje realistisk å bli sjølvforsynt

NRK har ikkje lukkast å få svar på i kor stor grad landet nå er sjølvforsynt på smittevernutstyr. Men det er ikkje realistisk å bli det fullt ut av fleire årsaker, ifølge Helsedirektoratet.

Svein Lie

Fagdirektør Svein Lie i Helsedirektoratet.

Foto: Rebecca Ravneberg / Helsedirektoratet

– Det skal veldig mykje til å klara å bli sjølvforsynt fordi bedrifter som skal produsera må ha ein større marknad enn Noreg. Me reknar i alle fall med at me også er avhengige av verdsmarknaden, seier fagdirektør Lie.

Ifølge Helsedirektoratet vil beredskapslageret dekka behovet også godt ut i 2021, ifølge prognosane.

– Me bygger opp lageret og har god tru på at det skal vera ei sikring mot nye problem. I tillegg håpar me vaksinering og smitteverntiltaka blant folk bidrar til at situasjonen neste år blir litt lettare, seier Lie.

Flere nyheter fra Rogaland