Hopp til innhold

Gjenopptar leiting

Etter tre dagars pause, fordi været har vore for dårleg, er leitinga etter to omkomne, tatt opp igjen sør for Egersund.

Leteaksjon Egersund

Politi og frivillige leitemannskap startet opp letingen igjen, fredag morgen

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Frå det vart lyst i dag tidleg har to lettbåtar frå brannvesenet og ei redningsskøyte søkt i sjøen, medan politiet og frivillige har leita på land. I tillegg skal også eit fly frå Flekkefjord Aero-klubb delta i søket.

Leteaksjonen i Egersund

Stapnes, sør for Egersund

Foto: Øystein Ellingsen

Ville filme uværet

Det var tidleg søndag ettermiddag at to menn i eit filmteam, blei skylt på sjøen ved Stapnes sør for Egersund. Dei to kom for nærme sjøen og blei tatt av ei stor bølge,då dei prøvde å få dramatiske bilde av stormen.til bruk i filmen "Skumringslandet".

Vil undersøke risikovurderinger

Utsett på grunn av sterk vind

Store leitemannskap var i aksjon heile søndag og mandag. Men deretter blei været for dårleg og leitinga var innstilt både tysdag, onsdag og torsdag.

Flere nyheter fra Rogaland