Hopp til innhold

Gjengslagsmål på Karmøy

Fire personar blei knivstukne i eit gjengslagsmål mellom norske og utanlandske ungdommar. Sjå bilde frå slåsskampen.

Gjengslagsmål på Åkra i Karmøy

Gjengslagsmål på Åkra i Karmøy, laurdag kveld.

Mellom 20 og 30 ungdommar barka saman i eit avtalt slagsmål i Karmøy, seint laurdags natt.

Åtte gjengmedlemmar blei skadd i slagsmålet, der det blei brukt knivar og balltre.

Politiet pågrep ni personer på Karmsund bru etter slagsmålet på Åkra

Politiet pågrep ni personer på Karmsund bru etter slagsmålet på Åkra

Foto: Leif Eide

 

Fire personar måtte fraktast til sjukehus.

Oppgjeret skjedde ved Åkrahallen i Karmøy.

Foreløpig ser det ut til at ungdommane med utanlandsk bakgrunn, kom kjørande frå Haugesund. Dei er kjent som "Kurdergjengen". Medlemmane er frå Iran, Irak, Russland og tidlegare Jugoslavia. Medlemmande frå gjengen på Karmøy, er alle norske.

Augevitne

Ein 18 år gammal gut såg oppgjeret frå bilen han sat i. Han filma også det som skjedde med mobilkamera.

- Eg vågar ikkje å stå fram med namn eller bilde, seier han i dag. Han er redd for å bli utsett for represaliar. Mannen er også overraska over at politiet nå har sloppe ut dei arresterte.

- Dette er farlege folk, seier mannen.

Politiet tok alle

Politisperring på Karmsundbrua etter gjengslagsmålet i Karmøy

Politisperring på Karmsundbrua etter gjengslagsmålet i Karmøy

Alle frå Haugesundsgjengen blei stoppa av politiet etter at dei prøvde å røma frå slagplassen. Det vart sett opp sperringar på Karmsundbrua, som er einaste brua frå Karmøy til Haugesund.

Alle er nå sloppe lause

- Me har ikkje nok bevis for kven som har gjort kva. Derfor kan me ikkje lengre halda på dei. Det er heller ikkje fare for at bevis kan forsvinne, seier lensmann i Karmøy Reidar Gaupås.

Politiet fortset i dag den taktiske og tekniske etterforskinga med blant anna avhøyr av vitne.