Hopp til innhold

Gjekk frå «oljå» til sjukepleiarstudiet

Anne Sofie Vistnes mista oljejobben i januar i fjor. Nå er ho blant dei mange som utdannar seg til ei ny karriere i helsesektoren på Vestlandet.

Sjukepleiarstudentar UiS

Studentane Anita Lærum (t.v.) og Anne Sofie Vistnes ved Universitetet i Stavanger, er blant mange som har søkt seg til sjukepleiarutdanninga dei siste to åra.

Foto: Eirik Gjesdal

– Eg er ein del av oljestatistikken, og visste at eg ville gå denne vegen, seier Anne Sofie Vistnes.

I januar i fjor mista ho oljejobben på Randaberg Industries, der ho jobba med lønn og økonomi. Etter å ha blitt oppsagt søkte ho seg til sjukepleiarstudiet ved Universitetet i Stavanger (UiS).

Nå er ho førsteårsstudent og ein del av den store bølga søkarar til sjukepleiarstudiet her i landet.

Då Vistnes søkte studiet ved UiS i fjor var søknadsauken på 40 prosent samanlikna med året før, i år er auken på 35 prosent frå i fjor, viser tal frå Samordna opptak.

Sjukepleiarforbundet: – Veldig kjekt

På landsbasis har nesten 20 prosent fleire enn i fjor sjukepleiarutdanning som førsteval.

– Eg trur dette har noko med oljebransjen å gjera. Det er massiv nedbemanning i oljeyrka, og derfor vel mange sjukepleiar- eller læraryrket. Det er bra fordi me treng fleire sjukepleiarar, meiner Vistnes.

Også ved Høgskulen Stord/Haugesund (HSH) søker fleire seg til sjupleiarutdanninga. Søknadsauken der er på 18 prosent samanlikna med fjoråret. Dei gode søknadstala landet over gler naturleg nok Sjukepleiarforbundet.

Det er massiv nedbemanning i oljeyrka, og derfor vel mange sjukepleiar- eller læraryrket.

Anne Sofie Vistnes

– Dette er veldig kjekt. Nå håpar eg kvaliteten blir i fokus, ikkje berre det å få flest til å gjennomføra. Det er viktig med godt innhald i utdanninga, seier fylkesleiar i Rogaland, Nina Horpestad.

«Sjukepleie i skotet» er overskrifta på pressemeldinga som blei sendt ut frå Høgskulen Stord/Haugesund etter at tala frå Samordna opptak blei klare. Auken i søkarar til sjukepleiarutdanninga er på 50 prosent sidan 2013.

– Det blir større rift om plassane og høgare poenggrense for å komma inn, så får me håpa at det igjen gjer noko med kvaliteten på dei studentane som tar til på studia, seier studiesjef Gro Nesheim ved HSH.

Fleire vil bli sjukepleiar

VIDEO: Fleire søker seg til sjukepleiarutdanninga, færre til petroleumsfaga.

Fleire menn

Talet på menn som søker seg til sjukepleiarstudiet går også litt opp. Ved Stort/Haugesund gjekk mannsdelen opp med tre prosent, ifølge Sjukepleiarforbundet.

– Alle prosentar opp er gledeleg for oss når det gjeld ut jamna ut kjønnsforskjellane i vårt yrke. Det er viktig å få inn mannfolka i eit fram til nå veldig kvinnedominert yrke, seier fylkesleiar i Sjukepleiarforbundet, Nina Horpestad.

Yrket har lenge hatt ein laber status. Med fleire søkarar kan statusen bli heva.

Anita Lærum

At fleire menn søker seg til sjukepleiarfaget merkar òg førsteårsstudent Anita Lærum på Universitetet i Stavanger. Ho er blant dei som nå har valt ein ny retning i livet.

– Dette er ikkje eit typisk dameyrke lenger. Det er ein god del menn som går her.

Ho håpar nå at søknadsboomen kan bidra til å heva statusen og lønna til sjukepleiarane.

– Yrket har lenge hatt ein laber status. Med fleire søkarar kan statusen bli heva. Det er bra fordi dette er eit veldig viktig yrke.

Flere nyheter fra Rogaland