Hopp til innhold

Gir seg etter seks år som sportssjef

Saman med Jostein Grindhaug har Asbjørn Helgeland ført FK Haugesund til historiske høgder. Nå er han ferdig i klubben.

Helgeland

I dag sende FK Haugesund ut pressemelding om at Asbjørn Helgeland er ferdig som sportssjef i klubben.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

– Dette er ei avgjersle som er teken saman med klubben, seier Asbjørn Helgeland til NRK like etter FK Haugesund sende ut pressemelding om at sportssjefen nå er ferdig i klubben.

Han legg til at det ikkje har vore motvilje frå hans side, men det blir heller ikkje lagt skjul på at avgangen vil gi klubben betre økonomisk handlingsrom.

– Eg har sitte i denne stillinga i meir enn seks og eit halvt år, noko som dessverre er svært lenge i ei leiarstilling innan fotball. Samstundes står klubben ovanfor ein del kostnadsmessige utfordringar framover, derfor synst eg det var greitt å fråtre stillinga mi, seier han.

Tok klubben til bronse

Asbjørn Helgeland var den første spelaren som signerte med FK Haugesund etter fusjonen mellom Djerv 1919 og Haugar i 1993.

Då han blei sportssjef i klubben i 2008 var det første han gjorde å henta Jostein Grindhaug til klubben. Saman har dei ført klubben opp til eliteserien, og høgdepunktet var bronsen i 2013.

– Eg har hatt fantastiske år i FK Haugesund og ser tilbake på dei med stor glede. Det har vore eit eventyr, seier Helgeland.

Nå ser han fram til å få meir tid til familien, og nye utfordringar.

Sjå video frå bronse-feiringa:

FKH tok bronsemedaljen i serien da de slo Odd i kveld.

Her feira FK Haugesund bronse i 2013. Den beste plasseringa klubben har hatt sidan den blei stifta i 1993.