Hopp til innhold

Giftbekk tok truleg livet av kjent travhest

Plutseleg blei fleire verdifulle travhestar alvorleg sjuke, og to måtte avlivast. Suldal hestesenter har tapt fleire hundre tusen, og årsaka kan vere gift i bekken.

Ness Tjo Edel

Den fem år gamle travhesten Ness Tjo Edel sprang i fjor inn heile 650.000 kroner. Fredag 11. januar måtte den bli avliva etter å ha blitt akutt sjuk.

Foto: Morten Skifjeld / Hesteguiden.com

– Hestane hadde magar som ballongar. Det såg ut som om dei kunne sprekka når som helst. Det blir ekstra ille når du ser at dei har store smerter.

Eigaren av Suldal Hestesenter, John Ragnvald Ness, har to tunge veker bak seg. Han har måtta avliva to av travhestane sine, medan tre har vore alvorleg sjuke. Utan at han veit kvifor.

Det Haugesunds Avis som først fortalde at den verdifulle travhesten «Ness Tjo Edel» blei avliva fredag for to veker sidan. Fireårshoppa sprang berre i fjor inn 650.000 kroner.

Same dag blei også toåringen «Ness Tjo Brageson» avliva.

– Ein ting er at eg har tapt mykje pengar på dette. Men dette er hestar som eg har eit heilt spesielt forhold til. Eg har følgt dei frå dei var føl, seier Ness.

John Ragnvald Ness og Ness Tjo Odin

Hesten han kosar med, er Ness Tjo Odin. Han var sjuk, hadde diare og oppblåst mage, men kom seg etter at han blei fjerna frå området ved bekken. Nå får han litt ekstra omsorg.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Nå er han overbevist om at hestane har blitt forgifta. Obduksjonen viste nemleg stor skade på indre organ, og lever og nyre var fulle av blod.

Ny hest sjuk kvar dag

På hestesenteret vakna dei ein periode opp til ein ny sjuk hest kvar dag, og dei måtte prøva å gjera noko. Derfor stengde dei av tilgangen til bekken som renn der alle dei sjuke hestane hadde gått. Etter dette har ikkje fleire hestar blitt sjuke.

– Eg reknar med at denne bekken som hestane har drukke frå sidan 1993, plutseleg har blitt giftig, seier Ness.

Det store spørsmålet er: Kva har skjedd med bekken?

Marit Sundsvik Bendixen

Marit Sundsvik Bendixen, assisterande fylkesmiljøvernsjef hos Fylkesmannen i Rogaland, seier dei undersøker kva som har skjedd.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Det viktigaste er å finna ut kva som har tatt livet av hestane, og stoppa det, seier Marit Sundsvik Bendixen, assisterande miljøvernsjef hos Fylkesmannen i Rogaland.

Veterinærar har tatt prøvar av blodet, levra og nyrene til dei døde hestane, og det er funne høgt innhald av jern. Det er også funne mykje jern i bekken.

– Kan vera giftige

Hos Fylkesmannen meiner dei likevel at dette er noko hestane skulle tole. Dei har likevel spurt nabobedrifta Ølen betong om dei har hatt utslepp til bekken den siste tida. Det svarar bedrifta nei til.

Teorien deira er at det kan ha blitt tilført næring i bekken, som vidare kan ha ført til oppblomstring av algar.

– Me vil at det blir tatt prøvar for å undersøka om det er blågrønalgeliknande bakteriar i vatnet. Desse kan vera giftige og kan vera grunnen til at hestane er døde, seier Bendixen.

John Ragnvald og Ness Tjo Odin og den giftige bekken

John Ragnvald Ness ser ned på bekken som truleg tok livet av den kjente travhesten, Ness Tjo Edel.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Men enn så lenge har dei ingen konkrete svar.

– Eit mysterium

For Ness vil det vera viktig å få svar på kva som har skjedd så snart som råd. Han har åtte hestar på senteret som ikkje er sjuke.

Desse torer han heller ikkje sleppa ned til bekken før han har fått klare svar på kva som skjedde med dei sjuke hestane.

Han mistenker ingen for miljøkriminalitet, men synest at heile saka står fram som eit mysterium.

– Me ønsker sjølvsagt eit svar, og håper at prøvane kan gi oss dette. Det er i alle fall ikkje tvil om at hestane har blitt forgifta, seier Ness.

Flere nyheter fra Rogaland