Hopp til innhold

Mattilsynet nektar dyrehald på gard i Sirdal

Meir enn 40 hestar blir anten slakta eller overført til andre, etter funn av fleire avmagra hestar ved ein gard i Sirdal.

Avmagra hestar i Sirdal

AVMAGRA HESTAR: Heste-saka i Sirdal har vekt sterke reaksjonar. Både politikarar, dyrevernarar og vanlege folk har engasjert seg i saka.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

– Når me bruker så sterke verkemiddel, så det seier seg sjølv at dette er ei alvorleg sak, seier, Odd Ivar Berget, som er regionssjef for Mattilsynet i Sør Rogaland.

Dei nektar nå eit gardbrukarpar å ha dyrehald på garden sin i Sirdal. Bakgrunnen er funnet av fleire avmagra hestar i august.

13 år i søkjelyset til Mattilsynet

Odd Ivar Berget

Odd Ivar Berget er regionssjef for Mattilsynet i Sør Rogaland. Han har tidlegare sagt at det er mangel på kunnskap om dyrevelferd og dårlege haldningar, som har ført til at det ikkje blir tilstrekkeleg fôring og stell av dyr over tid på garden i Sirdal.

Foto: Anders Fehn / NRK

Paret har fått frist på seg til 15. november til å avvikla drifta sjølv. Gjer dei ikkje det går Mattilsynet inn og avviklar.

– Dyra må anten seljast, givast vekk eller slaktast, seier Berget.

I dei siste tala Mattilsynet har tilgjengeleg er dette snakk om 42 hestar og sju storfe.

Saka om garden i Sirdal kommune i Vest Agder, som har vore i Mattilsynet sitt søkjelys i 13 år, har i haust ført til sterke reaksjonar. I slutten av september varsla Mattilsynet at paret som bur på garden begge kunne få forbod mot dyrehald på grunn av manglane ivaretakinga av dyrevelferd på fleire dyreartar over fleire år.

Gardbrukarane nekta å godta forbodet, og sende gjennom sin advokat inn ein protest. Denne har Mattilsynet vurdert, likevel har dei nå konkludert med at forbodet skal tre i kraft.

Ønsker at hestane skal få eit betre liv

Mattilsynet har fått kritikk frå mellom anna organisasjonen NOAH, som jobbar med dyr sine rettar, for å bruka for lang tid mes å ha for mykje tolmod med gardseigarane.

I dag er dei likevel glade for at Mattilsynet har fatta eit såpass strengt vedtak.

– Det er me sjølvsagt positive til. Nå er det viktig for oss at det blir jobba for å få til ei ordning som ikkje resulterer i at dyra blir avliva, men at dei blir overført til andre som kan gi dei eit godt liv. Me veit jo at engasjementet er stort rundt saka og at det finst folk som er villige til å ta seg av hestar, seier leiar i NOAH, Siri Martinsen.

Kan klaga

Gardbrukarane har framleis rett til å klaga på vedtaket, og dersom dei gjer det så er Mattilsynet plikta til å vurdera klaga. Men i forbodet som dei har sendt ut gjer dei det klart at det vil sitja langt inne å eventuelt utsetja fristen som nå er sett til 15. november.

Advokaten til gardbrukarparet varslar at dei vil klaga.

– Eg kan vanskeleg tenka meg at dette vedtaket ikkje skal bli klaga på, seier advokat Målfrid Ølberg, som framleis ikkje har fått lese gjennom vedtaket, men er kjent med konklusjonen.

Dersom dei ikkje når fram med klagen kan dei gå rettens veg.