NRK Meny
Normal

Går mot Preikestol-rekord

Dette er tidenes beste sesongstart for Preikestolen, og neste veke ryk dagsrekorden for turistmagneten. Stiftinga Preikestolen fryktar køar, trafikkaos og eit stappfullt preikestolplatå.

Preikestolen

Preikestolen blir årleg besøkt av om lag 150.000 turistar. Årets sommarsesong ser ut til å bli rekordstor.

Foto: Finn Strand

Audun Rake

Audun Rake er leiar for Stiftinga Preikestolen.

Foto: Anders Fehn / NRK

Kvart år tar om lag 150.000 turistar ut på den fire kilometer lange fotturen opp til Preikestolen i Forsand i Rogaland. Løna for strevet er den spektakulære utsikta over Lysefjorden og det svære steinplatået.

Rekord på rekord

Og i årets juni har fleire tatt turen opp, enn nokon junimånader tidlegare. Ei trend det er venta skal halda seg, ifølgje Audun Rake, dagleg leiar i Stiftinga Preikestolen.

– Dette er ei tid på året med stor trafikk, og me trur nok at det blir fullt køyr også i juli og august, seier Rake.

Neste veke ryk også dagsrekorden for kor mange som vitjar Preikestolen. Det er nemleg landsleir for Speidaren, og frå måndag til torsdag kjem 2.000 speidarar til å gå turløypa, i tillegg til dei vanlege turistane.

Kan by på problem

– På dei travlaste dagane passerer ordinærtrafikken 5.000, når speidarane nå kjem i tillegg trur eg nok me hamner opp mot 10.000. Så me får verkeleg testa kva kapasiteten på turstien eigentleg er, seier Rake.

Utfordringane med så mange turistar er parkeringsproblem nede ved pereikestolhytta, kødanningar i stien og det kan også bli kapasitetsproblem ute på sjølve preikestolplatået.

– Stien har me rusta opp, så den kan nok svelgja godt unna nå. Men dersom det er 500 personar ute på platået, er det rekna som stappfullt. Me håper derfor at det ikkje kjem alt for mange, seier Rake.

Stupet over Lysefjorden har blitt et internasjonalt kjent turistmål. 150 000 er ventet hit i år.

SJÅ UTDRAG FRÅ NRK DOKUMENTAR: Glimt av Norge frå Preikestolen.