Hopp til innhold

Skolekorps svindla for dugnadspengar – nå har folk samla inn heile beløpet

På få dagar har Ganddal skolekorps fått overveldande respons frå kjente og ukjente. Over 42.000 kroner er samla inn for å støtta korpset.

Ganddal skolekorps

Pengane som Ganddal skolekorps hadde tent gjennom dugnad forsvann etter ein svindel. Det var mange som ville hjelpe korpset å få tilbake pengane.

Foto: Ganddal skolekorps

– Eg er heilt overvelda, og setter stor pris på at det har kome inn så mykje pengar, seier kasserar Cathrine Furenes.

Torsdag fortalde ho til NRK korleis Ganddal skolekorps blei svindla for 42.000 kroner i dugnadspengar.

Etter ho fortalde historia, har ho fått enormt med støtte.

– Eg har fått telefonar frå mange folk eg ikkje kjenner, som har spurt om kva dei kan bidra med, både av pengar og støtte.

Folk har vippsa eller donert pengar gjennom to innsamlingsaksjonar via Spleis.

Laurdag ettermiddag har korpset fått inn alle pengane dei blei svindla for.

– Heilt fantastisk

Furenes er glad for at beløpet er samla inn igjen, slik at det ikkje går ut over barna i korpset.

– Det er heilt fantastisk at folk bryr seg og ønsker å bidra til å få dette tilbake. Eg synest det er bra å oppleva å ha et samfunn som faktisk stiller opp når ting skjer.

Cathrine Furenes i Ganddal skolekorps

Kasserar Cathrine Furenes er takknemleg for all støtta ho og korpset har fått etter dugnadssvindelen.

Foto: Cathrine Furenes

Ho valde å fortelja om kva som hadde skjedd for å åtvara andre mot å gå i same felle. No er ho glad for at ho turte å snakka opent om det.

– Når ein vel å stå fram med slike ting, kjem det både positive og negative ting. Det er dei negative tinga som gjer at folk ikkje tør å sei kjipe ting høgt, noko som er veldig dumt.

No oppfordrar kasseraren folk som sit inne med noko, om å vera open om det.

– Det hjelper å snakka høgt om det. Det kan eg bekrefta.

Utsett for ein direktørsvindel

Sandnes-korpset blei utsett for ein direktørsvindel, der svindlaren gav seg ut for å vera leiaren i korpset, Odd Magne Vea.

«Leiaren» spurte om ei pengeoverføring til eit kontonummer.

– Eg fekk ein magefølelse. Eg skulle ha ringt leiaren i korpset for å få dette bekrefta. Eg var på veg inn i eit møte, og måtte berre få dette gjort. Derfor valde eg ikkje å ringe han, sa Furenes til NRK torsdag.

På eit tastetrykk blei korpset svindla for 42.000 kroner.

SR-bank merka at det kunne vera noko gale med overføringa, og dei tok derfor kontakt med Furenes.

Banken har registrert fleire tilfelle av såkalla direktørsvindlar tidlegare.

– Det Ganddal skolekorps har opplevd, er ikkje et eingongstilfelle. Det er fleire som er stoppa, sa kommunikasjonsdirektør, Thor-Christian Haugland, til NRK torsdag.

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg