Ein gjeng pensjonistar bruker helgene til å gjere gatene sine tryggare.
På Grønland i Oslo møtest aust og vest.
Når kvelden kjem, vert utfordringane meir synlege.

Vaktarane av Grønland

Kvelden startar med kaffi, før dei kartlegg kva som skjer den kvelden.

– Dette er bydelen vår. Våre barn og barnebarn bur her. Vi har gjort dette i 15 år.

Tabassam Chaudhry, leiar for Grønland Natteramn

Ein viktig del av å vere natteramn er å vise interesse for det folk driv med.

Denne laurdagen er det Musikkfest i Oslo.

Dei tek jobben på alvor, men langs gatene er nokon meir leikne enn andre.

Mellom slaga pleier dei det sosiale.

Habib og Arshad har vore natteramnar i ei årrekkje.

– Områda under brua og langs Akerselva er det viktigaste, dei er gøymde unna og der kan det skje ting.

Habib Mehr

I kveld er det fest under brua og stemninga er god.

Dei fleste som er ute er ungdommar frå 15 år og oppover, ifølgje natteramnane.

– Hovudoppgåva er å gå rundt og snakke med folk. Når dei har tillit til oss, gjer det arbeidet vårt enklare.

Khaled Butt

Sjølv om dei fleste dei møter er hyggelege, er pensjonistane bekymra for utviklinga.

Dei fortel at kriminelle stadig vert yngre.

– Det er fint å gje tilbake til samfunnet. Mange av dei vi møter har vi kjent sidan dei var små.

Tariq Rasheed
To menn som sit og ein mann i dress som står.

Gjengen består av i underkant 30 menn.

Dei fleste kom til Noreg på 1960- og 1970-talet for å arbeide, og har kjent kvarandre sidan den gong.

Det er både sosialt og nyttig for dei å vere natteramnar.

Dei kjenner gatene, men gløymer heller ikkje verda.

Slitne bein må kvile, då kan ein mimre tilbake til den fyrste tida i det nye landet.

Dei som ikkje lenger kan vandre, kjem kort innom for å helse før dei dreg av garde.

Klokka nærmar seg midnatt og kvelden går mot slutten.

Natteramnane er glade for at det no er meir synleg politi i området. Dei merker det allereie.

I kveld har det gått roleg for seg.

Laurdagskvelden er langt frå over for alle.