Hopp til innhold

Sjå «Gamlingen: klor, svette og tårer» på NRK1 i kveld

– Eg trur det skjer noko spesielt med oss når me tek av oss kleda. Då er me jo alle like, fattig som rik.

Savner du allerede Gamlingen? Mandag sender vi dokumentaren om det legendariske bassenget i Stavanger på NRK1.

VIDEO: Ein liten smakebit av det du får sjå på NRK1 måndag kveld.

Etter over eit halvt hundreår er det no slutt for utebassenget Gamlingen i Stavanger. Asfalt skal snart erstatta klorvatn. I kveld klokka 20.45 sender NRK1 dokumentaren «Gamlingen: klor, svette og tårer» om basseng-institusjonen i Stavanger, som opna i 1957.

– Kjem til å sakna gjestene mest

Terje Thu

BADEVAKT OG VAKTMEISTER: Terje Thu.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

– Det har vore eit veldig nært forhold. Eg er på hels med gjestene, kan namnet deira, veit kvar dei bur ... Ja, eg har blitt godt kjent med dei.

For Terje Thu har Gamlingen vore arbeidsplassen dei siste 14 åra. Han har vore der som badevakt og vaktmeister. Men no er det slutt.

– Det var tristare å forlata plassen for siste gong enn eg trudde det kom til å bli. Å ta farvel med alle stamgjestene var det verste. Etter 14 år blir ein veldig godt kjent, og utanfor jobben treff eg jo dei ikkje, seier Thu.

Friske diskusjonar i badstua

Det er Eirik Gjesdal og Johan Mihle Laugaland i NRK Rogaland som har laga programmet.

Eirik Gjesdal

FOTOGRAF OG FAST GAMLINGEN-GJEST: Eirik Gjesdal i NRK Rogaland.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Eg var sjølv ein fast gjest i mange år. Eg såg at her er det eit miljø som bør dokumenterast. Så kom Johan (Mihle Laugaland, red.anm.) og sa at dette må me laga, seier fotograf Eirik Gjesdal.

I filmen er søkelyset sett på miljøet på Gamlingen, ikkje om rivinga av bassenget.

– Me blir blant anna med inn i den legendariske badstua. Der var det alltid stappfullt og friske diskusjonar, seier Gjesdal.

I 2017 skal den nye Gamlingen stå klar .