Dei tre ungdommane, to jenter på femten og seksten år, og ein 20 år gamal gutt vart medvitslause sendt til sjukehus etter at foreldra til jentene fann dei.
Den siste av ungdomane låg i koma til i går kveld.
25-åringen avhøyrd
Politiet har avhøyrt 25 åringen og håper å få avhøyrt ei av jentene og guten i dag. Den siste jenta er ennå ikkje i stand til å bli avhøyrt.
25 åringen er og sikta for å ha etterlate dei tre i hjelpelaus tilstand. Han er ein kjenning av politiet og har mellom anna sona ei lang valdsdom seier politiavdelingssjef Harald Berge.
25 åringen vert framstilt for varetektsfengsling i dag.