Hopp til innhold

– Plutseleg stod bygget i full fyr

Politiet vil ha tips etter at den gamle plogfabrikken på Kvernaland brått stod i full fyr måndag kveld.

Full fyr i gamal plogfabrikk

Dette bilete blei teke av Hilde Karin Krogedal Norland frå Kvernaland rett før brannvesenet kom på plass.

Foto: Hilde Karin Krogedal Norland

Det var i 21.30-tida politiet fekk melding om brann i den gamle fabrikken som nå er lager på Kvernaland i Time kommune på Jæren.

– Det er full overtenning i bygget, men det skal ikkje vera fare for at brannen skal spreia seg, sa operasjonsleiar Victor Jensen rett over klokka 22.

Ein time seinare hadde brannvesenet kontroll på brannen og dreiv med ettersløkking.

Måndag kveld byrja det å branna i den gamle plogfabrikken på Kverneland i Time kommune.

I 23-tida hadde brannvesenet kontroll på flammane.

Vil ha tips

– Me veit ingenting om brannårsaka. Nå vil me snakka med vitne, og ha inn tips frå folk som kan ha sett eller høyrt noko, seier innsatsleiar Morten Vassvik frå politiet.

Morten Vassvik

Det vil bli vakthald ved branntomta utover natta, fortel innsatsleiar Morten Vassvik.

Foto: Pål Berg Mortensen / NRK

Folk NRK har snakka med på staden fortel at det gjekk svært kort tid før flammane stod gjennom taket.

– Eg høyrde nokon ropa at det var brann i fabrikken, og plutseleg stod bygget i full fyr. Ti minutt før hadde ei veninne av meg vore ute og teke seg ein røyk, og då hadde ho ikkje sett nokon ting. Så det tyder på at brannen må ha vore eksplosiv, seier Nils Morten Hestvåg, som er eitt av vitna til brannen.

– Trist syn

Bygget var der hjørnesteinsbedrifta Kverneland starta med storproduksjon av landbruksprodukt for meir enn 120 år sidan. Derfor er det for mange av dei skodelystne spesielt å sjå at den gamle fabrikken står i flammar.

Nils Morten Hestvåg og Kjell Ragnar Pedersen

Kjell Ragnar Pedersen og Nils Morten Hestvåg synst begge at dette er svært trist for Kverneland.

Foto: Pål Berg Mortensen / NRK

– Det er eit trist syn. Det er jo Kvernaland si historie dette, seier Hilde Karin Krogedal Norland.

Ho hadde nett kome heim frå jobb og skvatt til då ho kikka ut kjøkkenvindauget.

– Når det einaste bygget som var verna brenn ned så er det veldig trist, det viktigaste er at ingen personar har kome til skade, seier Hestvåg.

– Her er det mykje kjensler som spelar inn for folk. Heile bygda er bygd opp rundt denne fabrikken, seier Kjell Ragnar Pedersen, som hadde ein far som jobba på fabrikken.

Det vil bli vakthald ved branntomta utover natta.

Brann på KVerneland

Brannen er synleg frå store delar av Kvernaland.

Foto: Heidi Karin Gilje Skog
Den gamle fabrikken på Kverneland stengde i dag ned produksjonen for godt. No blir all produksjon flytta til Kverneland-fabrikken på Øksnevad.

Dette innslaget blei laga då Kverneland slutta av produksjonen i dei gamle lokala.

Flere nyheter fra Rogaland