Hopp til innhold

– Skjer det andre stader, så kan det skje her

Stavanger har Nord-Europas største samanhengande trehusbebyggelse, og spreiingsfaren er stor. Ein storbrann, som den i Bergen i natt, kan fort råka oljebyen også, sjølv om mykje sikringsarbeid er gjort dei siste åra.


En storbrann som den i Bergen i natt kan fort ramme også i Stavanger - selv om mye sikringsarbeid er gjort de siste årene. 
Byen har Nord-Europas største sammenhengende trehusbebyggelse- og spredningsfaren ved brann er stor.

SJÅ VIDEO: Bli med brannvesenet på rekognoseringstur i gamle Stavanger.

50 personar vart evakuert og seks hus vart skada. Brannen i dei gamle trehusa i Bergen herja i mange timar natt til torsdag, den tredje brannen på to månader i same område.

I Stavanger går brannvesenet med ei redsle om at det same skal skje der.

Tormod Mehus

BRIGADESJEF: Tormod Mehus

Foto: Erik Waage / NRK

– Tankane mine går rett til sentrumet vårt og trehusa som står tett i tett. Me har jobba mykje med det, men når uhellet er ute er det store og vanskelege utfordringar, seier brigadesjef i Rogaland brann og redning, Tormod Mehus.

300 i tre

Stavanger har Nord-Europas største trehusby – berre i sentrumskjernen er over 300 av bygningane i tre. Og dei ligg tett i tronge gater

– Det er alltid ei utfordring når det er små smale gater, seier Mehus.

Brann i Bergen sentrum

STORBRANN I BERGEN: I natt skjedde det nok ein gong: det braut ut brann i dei gamle trehusa i Bergen.

Foto: Isolde Rongevær de Jonge

I 2002 starta arbeidet med å sikra trehusa for alvor.

– Sidan det skjer andre stader, kan det også skje her. Gjennom mange år har me jobba med målet om å unngå brann i sentrumsbygningane, seier Rune Håland, vakthavande brannsjef, Rogaland brann og redning.

Rune Håland

BRANNSJEF: Rune Håland, vakthavande brannsjef i Rogaland brann og redning.

Foto: Erik Waage / NRK

Sprinklaranlegg er på plass, og mange bygningar har fått sin eigen detaljerte plan med køyreveg, korleis koma seg fram og bygningsmessige detaljar. Og det er viktig, for på berre fire minutt kan eit rom vera fullstendig overtent.

– Den første utrykkingsbilen vår har det elektronisk på iPad. Då kan me få dei opplysningane me treng og ta det med ut på skadestaden.

Fekk skrekken etter Lærdals-brannen

Karl Kverneland

INVESTERTE I GASS: Huseigar Karl Kverneland.

Foto: Kristoffer Møllevik / NRK

Karl Kverneland er huseigar i gamle Stavanger. Etter brannen i Lærdal i januar i fjor, der 40 hus brann ned, turte han ikkje lenger stola på tradisjonelle varslings- og sløkkesystem. No stolar han på at gass skal sløkkja flammane om det brenn i huset hans.

– Det tok eit og eit halvt år, men no har eg eit oppegåande inergenanlegg som er automatisert. Brenn det på loftet, i stova, på toalettet eller kor det måtte vera, så kjem det gass som sløkkjer absolutt alt. Dette har me testa 14 gonger, fortel Kverneland.

– Når eg reiser på ferie, då veit eg at det ikkje kan brenna inne i huset.

Har har betalt for gildet sjølv, og fortel om berre positive reaksjonar frå både kjende og ukjende. Dei einaste han ikkje har høyrt noko frå, er det offentlege.

– Brannvesenet skal ha all skryt dei kan få, du verda, me må ha det også. Men det er så mykje nytt ein kan ta i bruk. At det offentlege ikkje ser moglegheita med slike system som dette, at dei ikkje ser moglegheita til at dei kan bli verdstoppen i brannsikring blir eg oppgitt av, seier han.

Flere nyheter fra Rogaland