NRK Meny
Normal

Her testar dei ut brannsløkking med gass

Nå har det første huset i Gamle Stavanger fått installert eit gassystem som skal hindra brann. Brannvesenet er positive, mens Riksantikvaren seier huseigarane sjølve må finna ut kva løysing som er best.

Testa brannsløkking med gass i Gamle Stavanger.

VIDEO: Karl Kverneland trur alle nybygg vil vera pålagde eit system med gassløkking innan fem til ti år.

Karl Kverneland har lenge vore ein forkjempar for løysinga der ein gass siv ut og kveler flammane ved brann.

Bebuaren i Gamle Stavanger testa i dag ut alternativet til sprinklaranlegg: Eit gassystem som drep flammane, men som verken skadar folk eller bygningar.

I tillegg til at sprinklaranlegg er dyrt, må seks av ti hus rivast etter brann på grunn av vasskadane.

– Verka effektivt

Karl Kverneland

Karl Kverneland seier dagens test gjekk langt over forventningane.

Foto: Kristoffer Møllevik / NRK

Då systemet til Kverneland blei testa i dag, blei flammane sløkte på få minutt. Løysinga kjem frå Fire Eater som lenge har sikra oljeinstallasjonar og industrianlegg mot brann.

– Det er dette eg har drøymt om og det gjekk langt over forventningane, seier han.

Også brannvesenet var positive etter å ha sett demonstrasjonen.

Eivind Salomonsen

Eivind Salomonsen i brannvesenet er positiv til systemet med gassløkking av brannar.

Foto: Anders Fehn

– Dette verka veldig effektivt. Me var mest opptatt av om systemet tok ulmebrann, slik at det ikkje blei utvikla mykje meir CO, samstundes som brannen blei sløkt. Resultatet verka veldig bra, seier brannmeister Eivind Salomonsen i brannvesenet Sør-Rogaland.

– Løysinga for all trehusbebyggelse

Gassflaskene Kverneland bruker er store, men blir gøymde vekk i smug og buer.

Jørn Holme

Riksantikvar Jørn Holme seier gass som sløkkesystem både har fordelar og ulemper

Foto: Magnus Stokka

Han er sikker på at løysinga bør satsast på.

– Dette er løysinga for Gamle Stavanger og elles all trehusbebyggelse. Min påstand er at i løpet av fem til ti år, vil alle nybygg vera pålagde dette systemet, seier Kverneland.

Vil ikkje tilrå noko spesielt

Riksantikvar Jørn Holme seier gass er eit fint alternativ når ein skal velja sløkkesystem. Men påpeikar likevel dette:

– Fordelen med vatn er at det kan brukast både inne og ute. Me får ein alvorleg brannsmittesituasjon viss det er sterk vind og tørt. Gassanlegg kan vera fint innvendig, men me vil ikkje tilrå ei spesiell løysing. Dette må huseigaren finna ut sjølv.

Han påpeikar også at gass ikkje hadde vore den beste løysinga då det brann i Lærdal.

– Det var vatn og skum som redda Lærdal frå å mista sine verneverdige trehus, seier riksantikvar Jørn Holme.