NRK Meny
Normal

Fryktar politikarflukt i Haugesund

Haugesund kommune opplever den største økonomiske krisa i nyare tid. – Eg fryktar fleire folkevalde gir seg på grunn av den svake økonomien, seier varaordførar Sven Olsen (Frp).

Sven Olsen

Varaordførar i Haugesund, Sven Olsen (Frp), har ikkje bestemt seg for om han held fram i lokalpolitikken. Han trur fleire i Haugesund kjem til å vegra seg til politiske verv på grunn av dei økonomiske problema til Haugesund kommune.

Foto: Magnus Stokka

Tidlegare denne månaden vedtok bystyret i Haugesund ein sparepakke på 66 millionar kroner. Der blei dei fleste av rådmannen sine kuttforslag vedtatt.

I tillegg skal eit utvida formannskap fram til juni arbeida vidare med å vurdera ytterlegare innsparingstiltak. Det akkumulerte underskotet for 2014 i Haugesund er på om lag 100 millionar kroner.

Årsaka til at Haugesund kommune har hamna i ein svært vanskeleg økonomisk situasjon er overflødig pengebruk over fleire år og ikkje minst Terra-skandalen som har tappa kommunen for økonomiske reservar.

Olsen gir seg

Petter Steen

Petter Steen varsla sin avgang 19. mars.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Nå fryktar varaordførar Sven Olsen at dette bakteppet vil gjera det vanskelegare å få folk til å stilla på listene før kommunevalet neste år.

– Eg trur nokre konkluderer med at dei ikkje tar attval, og at dette delvis skuldast at kommunen har hatt store økonomiske utfordringar, seier Olsen til NRK.no.

Fredag gav Olsen beskjed om at han gir seg med lokalpolitikken ved kommunevalet neste år. Han grunna avgjerda med manglande motivasjon. Han innrømmer også at Terra-saka har vore tyngande.

– Den saka har vore svært krevjande for alle som driv med politikk i Haugesund, sa Olsen fredag.

Dermed går heile den politiske toppleiinga i Haugesund av ved kommunevalet neste haust. 19. mars annonserte ordførar Petter Steen (H) at han gir seg som ordførar og lokalpolitikar neste år. Steen fortalde om tøffe år og eit knallhardt press.

Gav seg på grunn av Terra-saka

Det finst også tidlegare eksempel på folk som har gitt seg med lokalpolitikk i Haugesund på grunn av det økonomiske uføre.

Arne-Christian Mohn

Arne-Christian Mohn (Ap).

Foto: Ap

John Arne Ulland representerte Arbeidarpartiet og var klar på at Terra-saka var store delar av forklaringa på at han gav seg med lokalpolitikk før valet i 2011.

I dag arbeider han i administrasjonen hos rådmannen i Haugesund, og vil derfor ikkje spekulera i kva som vil skje med politikarrekrutteringa før det komande valet.

Blir ekstra motivert

Sven Olsen er også open for at det for enkelte kan slå positivt ut på motivasjonen at det går så dårleg med økonomien i Haugesund om dagen. Han meiner enkelte kan bli trigga og ekstra motivert av dette.

Det trur også gruppeleiar i Haugesund Arbeiderparti, Arne-Christian Mohn.

– Politikarar skal ta ansvar når det blir vanskeleg. Nå blir det ekstra viktig at me som vil gjera ein innsats for byen vår, stiller opp, seier han til NRK.no

Sjølv er ikkje Mohn i tvil om at han tar ein ekstra periode, dersom han bli nominert.