Politiet har avhøyrt to personar som Skeie skuldar pengar. Ein av dei har stadfesta at Skeie skuldar han mellom 20 og 30.000 kroner. Den andre har sagt at Skeie skuldar han 13-14.000 kroner. Begge har no status som vitne.
Skeie, som politiet kjenner frå rusmiljøet på Jæren, vart sist sett natt til 7. november, då han forlot eit hus på Brusand. Ein vitneobservasjon frå Ogna fem dagar seinare gjer at politiet no fryktar at det har skjedd noke kriminelt med Skeie.
Urovekkande vitneobservasjon
Klokka 23.30 den 12. november såg eit vitne ein kvit Volvo, muligens ein 740, stå parkert ved innkøyringa til Ogna Camping, saman med ein mørk, noko mindre personbil. Utanfor bilen var to eller tre personer som hadde noko som såg ut som ein livlaus person mellom seg.
Det er fleire personar som har sett dette, og politet vil no avhøyra fleire vitne. Dei vil og koma i kontakt med dei personane som er sett.
- Det kan ha ei naturleg forklaring, og vi vil svært gjerne koma i kontakt med dei, seier politioverbetjent Terje Helland.
Politiet veit no kven som eig den kvite volvoen. Ein kjenning av eigaren har forklart at det var ei punktering som gjorde at bilen vart ståande der. Politiet vil seinare avhøyra eigaren.
Skeie vart først meldt sakna 25. november, nær tre veker etter at han sist vart sett. Han har forsvunne i periodar tidlegare, men har alltid sagt fra til nokon kvar han er.
- Det har han ikkje gjort denne gongen, derfor vart han meldt sakna, seier Helland.
Laurdag deltok 50 personar i ein resultatlaus leiteaksjon etter Skeie på strekninga Ogna til Brusand. Politiet planlegg ikkje nye søk, men vil fortsetja med avhøyr, seier Helland.