Hopp til innhold

Fritidsbåt med stor fart køyrde på land

To personar køyrde på grunn på Jæren då dei var på veg heim til Austlandet med nyinnkjøpt båt. Med hjelp av helikopter blei dei to berga i land.

Revtangen

Naudetatane rykka i åtte tida ut til Revtangen i Klepp kommune på Jæren. Dei fekk melding om at ein fritidsbåt på om lag 25 fot skal ha køyrd på land.

Hovudredningssentralen Sør-Norge (HRS) har sende ut redningshelikopter.

– Båten køyrde i stor fart inn på land på Revtangen. Me veit ikkje om det var folk i den eller ikkje, men helikopteret er framme nå, fortel redningsleiar i HRS, Bjørn Jarle Åmlid.

Rett før halv ni melder politiet at redningsmannskap frå helikopteret skal ha kome seg om bord i båten.

Der er det to personar som er tilsynelatande uskadde, melder dei.

Kva som har skjedd er likevel uvisst.

– Dei to blir frakta med helikopteret til flyplassen på Sola. Politiet ventar på dei der, då får me nok svar på kva det er som har skjedd, seier operasjonsleiar i politiet Brit Randulff.

Ifølgje HRS det vera snakk om austlendingar som var i Rogaland for å kjøpa båten i dag. Dei var på veg heim til Austlandet med den nyinnkjøpte båten då uhellet skjedde på grunn av feilnavigasjon.

Redningsskøyta «Bergen Kreds» tek seg av båten.

Laster Twitter-innhold

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg