NRK Meny
Normal

Slaktar Norwegian etter kansellering

– Eg skal ikkje seia kva me tenker om Kjos nå, seier Gry Folkvord. Ho er reiseleiar for Odda sitt G14-lag som skulle vore i Barcelona og spelt fotball nå, men som stranda på Stavanger lufthamn Sola.

Gry Folkvord

– Akkurat nå skulle laget stått på banen i nye drakter og sunge nasjonalsongen. I staden sit me her og ventar på flyet. Det er veldig surt, seier reiseleiar Gry Folkvord.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Fleire har blitt råka av Norwegian sine mange kanselleringar dei siste dagane, derfor meiner fotballaget frå Odda at behandlinga dei har fått frå flyselskapet er spesielt kritikkverdig.

– Det var ingen prosedyre for å handsama eit kansellert fly. Det var som om det var første gong dei opplevde noko slik, seier reiseleiar Gry Folkvord.

Mister opningsfest og fotballkamp

Dei skulle på 21-flyet frå Stavanger til Barcelona, men fekk stadig beskjed om at det var forseinka. Ikkje før klokka 01.30 fekk dei beskjed om at flyet var kansellert og at dei truleg fekk eit nytt fly på måndag.

– Då måtte me inn på hotell. Mange skulle sjekka inn samstundes, så dei siste var ikkje i seng før klokka 03.30. Lufta har med andre ord gått litt ut av ballongen, seier Folkvord.

Odda sitt fotballag stranda på Sola

HAR VENTA MANGE TIMAR: Reisefølget med spelarar, foreldre, trenarar og familiar utgjer om lag 40 personar frå Odda. Dei er svært skuffa over måten Norwegian har handsama kanselleringa på.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Dei unge fotballspelarane, trenarane og foreldra frå Odda utgjer eit reisefølgje på om lag 40 personar. Dei skal til fotballturneringa Copa Cataluña. Noko alle har sett på som årets høgdepunkt.

Har kome seg av garde

– Akkurat nå skulle laget stått på banen i nye drakter og sunge nasjonalsongen. I staden sit me her og ventar på flyet. Det er veldig surt, slår reiseleiaren fast.

Sonen og fotballspelar Aksel Folkvord Traa (13) er også skuffa.

– Det er dumt at me mistar opningsfesten og ein av kampane. Eg håper at me får spela kampen seinare, seier han til NRK.

Den siste beskjeden frå Norwegian er at dei skal av garde med 12.40 flyet, og etter det NRK kjenner til har denne flyginga gått etter planen.

Hard Norwegian-kritikk

Gry Folkvord legg ikkje skjul på at dei er alt anna enn nøgde med Norwegian nå.

– Den store skuffinga er at Norwegian ikkje greier å varsle oss i god tid. Det er jo ikkje eit sjokk for Norwegian at pilotane skal ha pause. Likevel må det gå ein heil flytur frå Barcelona til Stavanger før me får den beskjeden. Det har heilt klart vore for dårleg informasjon frå Norwegian. Eg skal ikkje seia kva me tenker om Kjos nå, seier ho.

Norwegian skriv til NRK i ein mail at dei beklager det som har skjedd.

– Me forstår verkeleg frustrasjonen deira. Flyet blei forseinka på grunn av mangel på crew. Det var 186 passasjerar ombord på flyet som nå er på veg, skriv Charlotte Holmbergh Jacobsson.

Vidare skriv ho at dei gjorde alt for å ta best mogleg vare på dei reisande, og gav tilbod om hotell til dei som ikkje kunne reisa heim.